Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. HistorismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historisme

Historismen er ei fellesnemning på stilretningar som etterlikna eldre forbilde. Frå siste halvdel av 1800-talet lét arkitektar, møbeldesignarar og moteskaparar seg inspirere av eldre stilartar. Ulike stilartar stod fram ved sida av kvarandre, og perioden blei gjerne kalla “stilforvirringas tid”.

Ole Bull sin villa på Lysøen, sveitsarstil. Foto.
Ole Bull sin villa i sveitsarstiøl på Lysøen.

Felles for dei ulike retningane var at dei lét seg inspirere av eldre stilartar i staden for å kopiere dei slavisk. Vi fekk nygotikk, nyrenessanse, nyklassisisme, nybarokk og så bortetter.

Historismen sine "nystilar"

Historismen 1850–1900 tok til seg fleire "nystilar" og impulsar frå store delar av verda, blant anna frå Arabia og Orienten. Denne påverknaden viser seg i europeiske produkt frå denne tida. I 1876 blei Kunstindustrimuseet i Oslo etablert som eit av dei første i sitt slag i Europa.

Innanfor arkitekturen blei det oppført mange bygningar som vi framleis kan studere frå denne perioden. Over heile den vestlege verda blei det bygd nygotiske kyrkjer.

Sveitsarstilen i Noreg

Gloppen Hotell. Den historiske delen er laga i sveitsarstil. Foto
Gloppen Hotell. Den historiske delen er laga i sveitsarstil.

Sveitsarstilen er ein stilart som var dominerande i nordisk trearkitektur i denne perioden. Den er prega av framspringande verandaer, vidløftige gavlkonstruksjonar og utstikkande takflater. Stilarten framhevar sjølve byggjematerialet og treet sine eigenskapar, ofte som listverk og detaljert dekor med lauvsagutskjeringar. Sveitsarstilens dekorative element blei til å begynne med laga for hand, men frå omkring 1860 kunne dampsager og høvleri levere pløgd og profilert panel i standard-dimensjonar, og trelastbedriftene kunne produsere bygningsdelar med innfløkt dekor. På slutten av perioden etablert tre fabrikkar seg i Noreg og produserte ferdighus i sveitsarstil som katalogvarer.

Drakestilen

Eksteriør i raudt, grønt og gult av Holmenkollen Park Hotel Rica i Oslo. Foto.
Eksteriør av Holmenkollen Park Hotel Rica i Oslo.

Siste halvdel av 1800-talet blir Noreg prega av ein sterk nasjonalromantikk. Målaren J.C. Dahl stifta Fortidsminneforeningen som jobba for å ta vare på gammal kultur og byggjestil. Restaureringsarbeida av Nidarosdomen blei sette i gong, og mange stavkyrkjer blei restaurerte. Dette skapte grunnlaget for ein norsk variant av jugendstilen, nemleg drakestilen.

To av dei mest typiske eksempla finn vi i Oslo: Holmenkollen turisthotell, bygd i 1889 og Frognerseteren restaurant, bygd i 1890, begge teikna av Holm Munthe, som blei ein leiande representant for drakestilen. Desse bygningane er oppførde i tre. Men også i Henrik Bulls regjeringsbygning i massiv stein, frå 1904, finn vi tydelege drakestilsornament. Det var på denne tida utgravingane av Tuneskipet, Gokstadskipet og Osebergskipet skjedde, og drakestilen er tydeleg inspirert av dyrehovud og slyngornamentikk frå desse arkeologiske gravfunna.

Glas og porselen

Høgre hand held ein pensel. Venstre hand held ein ferdigmåla keramikktallerken med stråmønster. Foto
Noregs einaste porselensfabrikk blei grunnlagt i Porsgrunn i 1885. Handmåling av stråmønster på keramikk.

Etter at den eineståande glasproduksjonen på Nøstetangen blei nedlagd i 1777, heldt produksjonen etter dei same modellane fram ved Hurdal Glassverk 1779–1808 og ved Gjøvik Glassverk 1809–1843. I 1852 begynte Hadeland Glassverk produksjon av finare glas, ofte basert på utanlandske modellar, men med høg fagleg og teknisk standard. Egersund Fayancefabrik lanserte steintøy av engelsk type i Noreg i 1867. Etter kvart blei også norske utøvarar inviterte til å utarbeide trykkdekoren. I 1887 blei det etablert ein porselensfabrikk i Porsgrunn. Også der blei frie kunstnarar trekte inn i den industrielle produksjonen. I dag ville vi ha kalla dei designarar.

Møbelproduksjon

Innanfor møbeldesign blei stolar og sofaer meir og meir overstoppa, inntil treverket var nesten heilt skjult. Til dei mørke treslaga brukte ein stoff i kraftige fargar, og til lysare treslag sartare fargar. Glinsande silkestoff var populære, vovne som damask med blomstermønster i relieff mot botnfargen. Ved hjørna og langs kantane hang pompongar, duskar og frynser, og det var vanleg at ei mengd broderte puter låg strøydde omkring i møblane. Til interiøret høyrde også tunge portierar. I dag kan vi kanskje oppleve romma opplevast som overmøblerte.

Widar Hallén viser oss to gjenstandar som er typiske for andre halvdel av 1800-talet i filmklippet under.

Historismen

Klede og frisyre

Innanfor klesmoten for kvinner blei krinolinen avløyst av køkjolen, som dominerte i 1880-åra. All vidde i skjørta blei no plassert bak, og for å skape den riktige silhuetten brukte ein ei pute etter eit stativ under kjolen bak. Ofte brukte ein eit underskjørt av ståltråd som blei kalla tournure. Kjolane skulle vere høghalsa og langerma og var sterkt innsnørde i livet. Dei pynta kjolane hadde gjerne eit slep bak. Ei rad med knappar skulle framheve kvinnefiguren. Håret blei greidd bakover, det kunne hengje laust eller setjast opp i ein knute i nakken. På hovudet brukte damene ein liten hatt, gjerne festa med band under haka. Fingrane skulle vere dekte med hanskar. Korleis det heile tok seg ut, kan du sjå på ei lang rekkje måleri frå perioden. Christian Krogh har måla desse damedraktene på ei rekkje av måleria sine frå Christiania.

Måleri som viser kvinner på politilegens venteværelse cirka 1886. Foto.
«Albertine i politilegens venteværelse» er måla av Christian Krohg. legg merke til at all vidde i skjørta blei plassert bak. Damene brukte gjerne ei pute eller eit stativ under kjolen bak for å skape den riktige silhuetten.

Herremoten forandra seg mindre og var framleis svært formell. Mennene skulle bruke diplomatfrakk, lys vest, ein rett, stiv snipp og eit mørkt slips, dessutan flosshatt. Ei populær herrejakke blei kalla redingot (frå engelsk riding coat). Plagget blei seinare forandra og er i dag kjent som sjakett. Mennene hadde vanlegvis skjegg eller bart og kort hår som var greidd i side- eller midtskil. Både kvinner og menn kunne bruke lorgnett for å sjå betre. Det var briller som du heldt i handa i staden for å feste dei bak øyra.

Blomstertradisjonar

Blomsterdekoratørane kan følgje tradisjonane sine frå 1800-talet til i dag. Dei første blomsterbutikkane var blitt etablerte i storbyane i byrjinga av hundreåret. På same måte som i dag var blomstrar brukt til viktige hendingar i livet. Mot slutten av 1800-talet kunne brurebukettane vere overdådige, slik at dei fløymde ned over kjolen. Gravskikkane endra seg. Ved bondegravferder blei ofte kransar og girlandrar av einer eller granbar brukte som kistedekor. I byane brukte dei blomstrar til gravferder.

Blomsterdekorasjonar forma som kors og krans. Foto.
Blomsterdekorasjonar frå slutten av 1800-talet i England.

Utviklinga av nye transportmiddel som dampskip og jernbane gjorde at blomstrar kunne sendast over lange avstandar utan å visne. Gjennom litteraturen fekk ulike blomstrar ein symbolverdi der art og farge kunne ha si bestemte meining. Når det var ball, møtte herrane med ein kotiljongbukett, som dei gav til damene når det blei spelt opp til kotiljong, ein spesiell blomstervals.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Minimalisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale