Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Romantikken

Romantikken er ei retning innanfor filosofi, litteratur og kunst som oppstod på slutten av 1700-talet. Individet kom i sentrum, og det blei lagt vekt på kjensler og fantasi. I staden for å kopiere gamle former skulle kunstnerane skape sitt eige uttrykk.

Skip i storm som har gått på grunn. Måleri.
J.C.Dahl var den første nordmannen som utdanna seg spesielt til biletkunstnar. Måleriet «Skipbrudd ved den norske kyst» frå 1829 høyrer til den romantiske målartradisjonen.

Stilretningane empire og biedermeier var samtidige med romantikken. Men mens empire- og biedermeierperioden først og fremst dreidde seg om ein innreiingsdesign, er romantikken meir ein måte å sjå verda på. Perioden var ein reaksjon mot dyrkinga av fornuft og vitskap på 1700-talet. Ein fekk eit meir negativt syn på sivilisajon. Menneske måtte vende attende til naturen. Fleire romantikarar meinte at Gud var til stades i kvar minste ting i universet. Verdsånda bandt folk saman gjennom historia og på tvers av landegrensene. Dei fekk ny interesse for den folkelege kulturen frå mellomalderen og ønskte å byggje ein nasjonal identitet. Retninga påverka dei nasjonale rørslene som oppstod i Europa på denne tida, og som førte til samling av Italia og samling av Tyskland i 1871.

Kunst og arkitektur

Det britiske parlamentet. Foto.
Det britiske parlamentet, inspirert av nygotikken, sett frå baksida/elvesida, der House of Lords held til.

Romantikken i bildande kunst og arkitektur avløyste nyklassisismen rundt år 1800 og varte til ca. 1850, då realismens epoke begynte. Arkitekturen blei inspirert av mellomalderens formspråk. Parlamentet i London er eit godt døme på nygotikk. I Noreg teikna Christian H. Grosch både i seinklassisk stil (Universitetet i Oslo sentrum) og i mellomalderinspirert stil (basarhallane ved domkyrkja i Oslo). Norden og Tyskland fekk eit nært samband innanfor målarkunsten, spesielt når det galdt det romantiske landskapsmåleriet. Mange skandinaviske kunstnarar fekk utdanninga si i Düsseldorf, blant dei J. C. Dahl og Thomas Fearnley.

Møbelproduksjon

Ei rekkje nye møbeltypar blei utforma på 1600- og 1700-talet, men blei først vanlege på 1800-talet. Det gjeld lenestolen, skrivebordet, blomsterbordet og sybordet. Spesielle møblar for barn har eksistert lenge, men det var først ut på 1800-talet at det blei meir vanleg.

Kombinasjonsmøblar (skapseng, bordseng, bordstol, kistebord) er eit gammalt fenomen i Noreg. Det er uvisst når dei oppstod, men vi har teke vare på mange frå 1700- og 1800-talet. På 1900-talet blei fleire typar kombinasjonsmøblar populære. Frå renessansen og fram til siste halvdelen av 1800-talet var det vanleg at møbelsnikkarane både designa og produserte møblane sine sjølve. Førebileta var møbelmotane i dei europeiske storbyane. Frå midten av 1800-talet var det likevel arkitektane som blei dei viktigaste formgivarane for møblar, samtidig med at handverket blei stadig meir industrialisert.

Broderande kvinne som sit ved eit ope vindauge. Måleri.
«Broderande kvinne» er måla av den tyske målaren George Friedrich Kersting i 1827. Biletet viser eit interiør i elegant og enkel biedermeierstil.

Blomsterbutikkar

Møte mellom mann og kvinne foran ei bod med blomar. Foto.
Stillbilete frå filmen My Fair Lady der Audrey Hepburn spelar blomsterjenta Eliza Doolittle.

Det er neppe tilfeldig at dei første blomsterbutikkane dukkar opp ved overgangen til 1800-talet. Tradisjonelt hadde det vore kvinnene si oppgåve å stelle med blomstrar. Å ha friske blomstrar på toalettbordet blei rekna som ein feminin dyd. Eliza Doolittle i musikalen "My Fair Lady" kan stå som prototypen på blomsterjenta; vakker, men likevel lengst nede på rangstigen i samfunnet med eit vulgært språk i tillegg.

Det var også i første halvdel av 1800-talet at det blei vanleg at brura skulle ha ein brurebukett når ho gifte seg. Brurebuketten var rundt 1850 liten og tett med ein mansjett av tyll rundt. Etter kvart som fleire flytte til byane, flytte ein litt av naturen inn i dei små stovene. Det kunne vere både i form av potteplantar og avskorne blomstrar. Den første blomsterbutikken i Noreg opna i 1863.

"Den industrielle revolusjonen"

Små og store båtar i hamna. Måleri.
Robert Fulton starta den første regulære dampbåtfarten på Hudson-elva med ”Clermont” i 1807.

Parallelt med romantikken skjedde det ei grunnleggjande omlegging av produksjonsmåtane i samfunnet som vi kallar den industrielle revolusjonen. I 1801 fann Joseph Marie Jacquard i Frankrike opp ein metode for framstilling av silkestoff som kunne kontrollerast av holkort. Engelskmannen Henry Maudalay utvikla dreiebenker på maskinverkstaden sin. Det var også i England det første jernbanelokomotivet blei bygd omkring 1805 av Richard Trevithic. Robert Fulton starta den første regulære dampbåtfarten på Hudson-elva med "Clermont" i 1807.

Fotografering oppstod same året som ein konsekvens av eksperimenta til franskmannen Nicéphore Niepce. André Ampere grunnla den elektrodynamiske vitskapen i 1822. Den første offentlege dampjernbanen blei opna i England i 1825. Elektromagnetisk induksjon blei oppdaga av Michael Faraday i 1831, noko som førde til den elektriske generatoren. Coltpistolen, det første repeterskytevåpenet, blei patentert i 1836.

Rotasjonspressa ble oppfunnen i 1847 av amerikaneren Richard Hoe, og forsterka betong blei oppfunnen i 1849 av franskmannen Joseph Monier. Fabrikkproduserte varer blei billegare, og vi fikk eit handelssamfunn.

I Noreg baud det seg nye oppgåver for handverksfaga etter at Noreg blei ein sjølvstendig stat under den svenske kongen frå 1814. Den store fattigdommen i landet sette likevel grenser for kva som var mogleg. Den estetiske skoleringa blei styrkt då Den kongelige Tegneskole kom i gong i 1818, men den handverksmessige delen av dagane blei svekt ved opphevinga av laugsprivilegia i 1839. I gullsmedfaget starta større firma å presse ornament som halvfabrikata for sal.

Kvinnemoten i romantikken

I 1830-åra blei det moderne med svært vide skjørt, og kvinnene kunne bruke opptil elleve underskjørt. Kjolane kunne ha fleire kapper. Det var kanskje ikkje så merkeleg at symaskinen kom i bruk omkring 1850. I 1864 blei det funne opp og patentert ein krinoline av stål til erstatning for alle underskjørta. Stativet heldt skjørtet ut frå kroppen som ei klokke, og omkrinsen av eit skjørt kunne vere opptil ti meter. Krinolinen fremja også bruken av possement, kniplingar, broderi og storblomstra stoffmønster ettersom dekoren ikkje forsvann i dype foldar. På midten av 1800-talet blei det også vanleg for småjenter å ha lause buksebein som hang nedanfor eit langt skjørt. Desse blei kalla mamelukkar. Vår største forfattar på denne tida, Henrik Wergeland, ville ha folk til å bruke heimevove vadmål i staden for importerte stoff til klede.

Klesstilar frå romantikken. Kollasje.
Klesstilar frå romantikken

Bokbinding

Vi har tidlegare omtalt boktrykkjarkunsten som ei viktig teknologisk oppfinning under renessansen. Med denne følgde eit auka behov for å binde inn dei trykte bøkene. Samtidig kom teknikken med å prege gull inn i skinnet. På 1700-talet var dei såkalla spegelbinda svært utbreidde. På denne tida begynner også dei enklare halvbinda å dominere. I 1770- og 80-åra trengde nyklassisismen inn i dei europeiske bokbinda til dei blei avløyste av romantikken, som i sin tur måtte vike for nygotikk og andre stilimitasjonar frå tida før førre hundreårsskiftet.

Læringsressursar