Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klassisisme

Det har fleire gonger i stilhistoria vore peika tilbake mot greske og romerske stilideal. Når vi snakkar om klassisisme frå omkring 1750, har det ein direkte samanheng med dei arkeologiske utgravingane i Pompeii og Herculaneum, nær Napoli i Italia, som starta i 1748.

Mange menneske og nokre hundar står framom ei stor boge i Paris. Måleri.
Rekruten des Jahres, Paris 1807

Vulkanen Vesuv hadde eit utbrot i år 79 og gravla dei to byane Pompeii og Herculaneum fullstendig i oske. Først i klassismen kunne funna gje eit tydeleg bilete av dagleglivet i antikken. Ein ny vitskap vart skapt, nemleg arkeologien.

Louis-seize stilen

Gravmonument med statuar sitjande oppå og rundt inne i ei kyrkje.
I den berømte kyrkja Saint Denis ligg gravene til fleire kongelege. Her er monumentet over Ludvig 16. og Marie Antoinette, som blei halshogd under revolusjonen.

Det blir brukt ei rekkje ulike nemningar på stilepokane frå 1770 til 1820. Først og fremst snakkar vi om nyklassisismen frå 1770 til 1790. I Frankrike heiter denne Louis-seize-stilen, etter Ludvig den 16. Han var gift med den austerrikske prinsessa Marie Antoinette frå 1770, til dei begge blei avretta under den franske revolusjonen i 1793.

I Sverige blir den første perioden med nyklassisisme kalla Gustaviansk stil, og den andre perioden for Karl Johan-stil. Begge epokane er oppkalla etter dei regjerande svenske kongane.

I 1790-åra snakkar vi om direktoarstilen, som har fått namnet sitt etter direktoriet i Frankrike frå 1795 til 1799. Denne programfaste og nøkterne stilen i fransk kunstindustri utgjer overgangen til empirestilen, eller keisarstilen, som var frå 1800 til om lag 1820. Stilen har fått namnet sitt etter keisardømet under Napoleon.

Endeleg blir etterfølgjaren av empireperioden i Tyskland kalla biedermeierstil, som var frå om lag 1820 til 1850. Dette omgrepet er ei samanslåing av to tyske namn henta frå eit skjemteblad: biedermann, som betyr "besteborgar" og bummelmeyer, der bummel betyr "ranglefant". I Frankrike kalla ein biedermeierstilen for Louis-Phillippe-stilen.

Oppgjer med barokken og rokokkoen

For heile perioden galdt det at fornuftsorienteringa i opplysningstida førde til eit oppgjer med dei veldige formene i barokken og rokokkoen. I staden vende dei seg til dei klassiske formene frå antikken, og både kopierte og lét seg inspirere av desse. Dette ser du blant anna i ornament og klassisk motivbruk.

Louis-seize-stilen er ein overgangsstil mellom rokokkoen og empirestilen. Framleis er blomstermotiva mykje i bruk, men dei har blitt langt meir symmetriske. Samtidig blir det lagt til antikke motiv etter veggdekorasjonar i Pompeii, som meanderbordar, girlandrar, perlesnorer og vasar.

Då Napoleon blei keisar i 1804, brukte han dei antikke førebileta med medvit. Gjennom formspråket i antikken laga han ei forbinding mellom seg og stordomstida i romarriket. Med empirestilen blei spora av rokokkoen heilt borte, og linjene blei enklare og strengare. Då Napoleon tapte slaget ved Waterloo, sommaren 1815, gjekk Europa inn i eit fredelegare hundreår. Dei kunne leggje større vekt på lun heimehyggje, og stilen som oppstod, blir kalla biedermeier. Stovene blei no lune og koselege og langt rikare møblerte enn romma i empireperioden.

Møblane

Soverom med himmelseng og elegante møbler i mahogni frå klassisismen. Måleri.
På 1800-talet blei soveromsmøblane utvikla. Her ser du døme på ei seng, ein stol og ein kommode i mahogni frå klassisismen.

Møbeltypane har endra seg gjennom tidene. Nye behov og nye motar har skapt nye prinsipp og former i møbelkunsten.

Pallane og langbenkene frå mellomalderen blei på 1600- og 1700-talet delvis erstatta av stolar som kunne flyttast. Dette skjedde over lang tid, særleg kom det seint til bygdene i Noreg.

I mellomalderen brukte dei bordplater som blei hengde på veggen når dei ikkje var i bruk. Desse blei erstatta av bord som stod framme heile tida.

Kister er framleis i bruk mange stader, men skuffmøblane kom på 1700-talet til å erstatte den tradisjonelle kista som lagringsmøbel.

Himmelsenga stod i eldre tid ofte i opphaldsrommet, og hadde forheng som vern mot trekk og innsyn. Denne blei etter kvart erstatta av opne senger som stod i eigne soverom. På 1800-talet blei soveromsmøblane utvikla. Dei kunne bestå av dobbeltsenger, to nattbord, toalettkommode og vaskeservant.

På 1800-talet utvikla også møblementet i matstova seg, i alle fall i overklassen. Her skulle alle møblane vere einsarta, utførde i same treslag og same stil, anten det galdt bord, stolar, buffet eller skap for dekkjetøy. Sofagruppa blir på 1800-talet, under empire og biedermeier, også ei samlande eining med mjuke og behagelege sitjemøblar.

I England forma George Hepplewhite ein nyklassisk stil etter designtradisjonen frå Chippendale. Konturane av stolryggen blei forma som omrisset av ei urne, av Hepplewhite. Det var dei engelske møblane som fekk størst innpass i Noreg. Til dei engelske mønstra kunne norske handverkarar også bruke tresortane her heime, som bøk og bjørk.

Biedermeier var stort sett ein møbelstil. Han minner om den klassiske stilen, men er noko mjukare i formene. Biedermeier var på ein måte ein reaksjon på den strenge og kjølege empire-stilen. Runde eller ovale bord blei føretrekte framfor firkanta, og desse blei heller haldne oppe av ei dreia søyle på midten enn av fire bein, eitt i kvart hjørne.

I staden for messingbeslaga dei brukte i empirestilen, blei no sjølve treet utskore. Møblane fekk svinga armlene og rygg, slik at stolen runda seg betre om kroppen. Materialet møblane blei laga av, var i hovudsak mahogni som blei beisa og polert.

Klede og frisyrar

Under klassisismen kan vi sjå tydeleg inspirasjon frå antikken i klesdraktene og håret til kvinnene. Kjolane blei lange og smale, var laga av tynn bomull og likna draperingane i antikken. Endringane frå rokokko til empire er svært påtakelege. Frå innsnørde liv og vide kjolar fall kjolane no rett ned frå ei høg linje i midja. Kjolane blei svært utringa og hadde pufferme.

Frisyren var liten og utan pudder. Håret kunne også bindast opp etter inspirasjon frå dei greske kvinnene. På hovudet brukte ein kysehatt. Kysehatten er karakteristisk for denne tida, og kvinnene brukte gjerne sjal eller cape med vide erme.

Kåpa blei for første gong teken i bruk som ytterplagg på denne tida. Biedermeierkjolane til damene hadde ikkje like stor utringing som empirekjolane, og beltet var senka til sin naturlege plass i midja. Skjørtelengda auka fram mot 1850, då krinolinen blei innført.

Fire illustrasjonar som viser elegante klesdrakter frå klassisismen.
Klesstilar frå klassisismen

Mennene la bort knebuksene og begynte med langbukser, som matrosar, soldatar og bønder hadde gjort før dei. Det er ikkje tilfeldig at dei revolusjonære under den franske revolusjonen blir kalla sansculottar, som betyr "utan knebukser". Einsfarga snippkjolar med kvite halsband tok over for dei broderte frakkane frå barokken.

Parykkane forsvann også for mennene, og litt uryddig hår og kinnskjegg kom på moten. Mange menn gjorde som Napoleon og etterlikna dei romerske keisarane og senatorane sine kortklipte frisyrar, der dei kjemde håret framover. Framleis var det likevel mange menn som valde å ha håret langt, og dei heldt det då gjerne saman, som tidlegare, i pudra hestehalar. På hovudet bar mennene ein svart "sylinder", som seinare blei til flosshatt.

I den urolege tida var det mange menn som bar uniformer, og til uniformsjakka høyrde det lyse, tronge bukser, skaftestøvlar og ein napoleonshatt. I biedermeierstilen skulle herrane ha kvite eller grå bukser med stropp under foten. Frakk og ein høg hatt høyrde til. Mannsdrakta skulle vere innsvinga i livet og ha ei viss breidde over hoftene.

Klassisisme i Noreg

Til slutt eit døme på typisk nyklassisk arkitektur i Noreg. Det kongelege slottet i Oslo blei teikna av Hans Ditlev Francis Linstow, og det blei bygt i perioden 1825–49. Slottet er eit døme på norsk empirestil.

Eit lysegult og grått slott i klassisistisk stil. Det har seks kvite søyler som går opp frå slottsbalkongen. Foto.
Det kongelege slott i Oslo

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale