Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. Egyptisk stilhistorieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Egyptisk stilhistorie

Dei egyptiske kunst- og handverkstradisjonane strekkjer seg over ein tidsperiode på meir enn 2000 år, og det blei utvikla ei rekkje stilartar i løpet av denne lange perioden.

Egyptisk veggmåleri frå grava til Nebamun
Veggmaleri frå grava til Mebanmun heng i British Museum, London.

Det er vanleg for kunsthistorikarar å dele den egyptiske høgkulturen inn i fire periodar:

  • pre-dynastisk tid fram til om lag 3000 før vår tidsrekning
  • dynastisk tid frå om lag 3000 til 2700 før vår tidsrekning
  • det midtre riket frå om lag 2700 til 1550 før vår tidsrekning
  • det nye riket frå om lag 1550 til 1050 før vår tidsrekning

Egyptisk handverk

Kunnskapen om egyptisk handverk har vi først og fremst gjennom gravfunn. Men gravkammera inneheld også måleri av handverkarar i arbeid: snikkarar, vevarar, keramikarar og gullsmedar. På museum over heile verda kan vi sjå døme på kva dei laga.

Egyptiske møblar i tre

Fotskammel fra egyptisk grav. Foto.
Fotskammel frå egyptisk grav og eit vove korglok

Heilt frå pre-dynastisk tid har vi trekister laga av overlappande bord haldne saman i hjørna av tauverk tredd gjennom hol i treverket. Det er også funne sinka behaldarar av tre, med innlagde ornament.

Under det første dynastiet blei trekistene meir sofistikerte, blant anna med skyvelok. Frå det tredje dynastiet er det funne kister laga av kryssfiner, produsert av seks tynne plater av syrisk sypress med ulike fiberretningar.

Egyptiske snikkarar laga også alle slags møblar: senger, bord og stolar. Føtene på møblane blei ofte forma som dyreføter. Stolane hadde gjerne låge sete og ein rett, avansert utskoren rygg. Det er også funne stolar med lêrsete ein kan leggje saman, veleigna til å ta med seg på jakt. Alt dette blei laga med reiskapar vi framleis kjenner: økser, sager, bor, bile og hoggjern. Sandstein blei brukt for å gi treverket den siste finishen.

Tekstilindustri

Egypt var berømt over heile den antikke verda for produksjon av lin. Tekstilar av andre plantefibrar som hamp, siv eller gras er også funne, i tillegg til tekstilar av saueull og geiteragg. Men dei gamle egyptarane såg på tekstilar av dyrehår som ureine.

I utgangspunktet var produksjon av tekstilar gjennom spinning og veving noko kvinnene dreiv med i heimen, liksom framstilling av klesplagg til familien.

Fragment av en egyptisk prestekappe med spisse stjerner av gull sauma på. Foto.
Delar av eit egyptisk biletteppe med spisse stjerner av gull sauma på


Det fanst likevel også ein tekstilindustri der handverkarar produserte tekstilar og laga klede for sal. Også her var det flest kvinner, men dei mest berømte var menn. Kjenner vi det igjen? På bileta sit alltid kvinnene ved horisontale vevstolar, mens mennene er avbilda ved vertikale vevstolar.

Til produksjon av klede brukte dei verktøy som vi framleis kjenner: knivar og nåler. I pre-dynastisk tid var knivane laga av stein og nålene av bein. Seinare, i dynastisk tid, blei både knivar og nåler produserte i koppar. I det midtre riket blei verktøya laga av bronse.

Byste med hovudplagg frå Egypt, laga av gull og glas.  Foto.
Hovudplagg frå Egypt, laga av gull og glas

Smykker i ulike metall

Egyptarane brukte både gull, sølv og bronse som materiale for smykke. Dei fleste metall blei vunne ut i Egypt, men sølv og tinn blei importerte.

I det midtre riket nådde gullsmedhandverket ein høg standard. Dei nytta ein teknikk der dei laga eit omriss av figurar og symbol med gulltråd, som blei lodda til plater av hamra gull og deretter innlagde med farga steinar eller glas.

Keramikk- og glasproduksjon

Dei første keramikkgjenstandane blei laga av leire og deretter soltørka. Etter at elden blei oppdaga, blei leirkrukkene brende, og kunne derfor vare lenger.

Dreiehjulet for produksjon av keramikk blei oppfunne i dynastisk tid. Pottemakaren snurra hjulet med den eine handa, mens han forma gjenstanden med den andre. Sidan leira er mjuk, begynte kunstnarar å bruke ulike glasornament på krukkene. Dei brukte silikonsand for å lage ei glasaktig overflate, som gjerne blei måla i blått og grønt.

Etter det fjerde dynastiet blei det mindre av dei kunstnarlege dekorasjonane på keramikken, som verka å ha blitt meir vanleg i det daglege arbeidet i hushaldet. Under det nye riket blei keramikkproduksjonen mindre viktig.

Blå glasfigur frå grava til Tutankhamon. Den blå krona eller kamphjelmen indikerer statusen hans som kronprins og krigleiar.
Glasfigur frå grava til Tutankhamon. Den blå krona eller kamphjelmen indikerer statusen hans som kronprins og krigleiar.

Kunnskapen om produksjon av glas kom sannsynlegvis frå Midtausten, og blei introdusert i Egypt under det attande dynastiet (om lag 1550–1292 før vår tidsrekning). Dei fleste glasgjenstandane frå denne perioden er små fabeldyr.

Glas heldt seg som luksusgjenstand under heile det nye riket. Måten dei laga det på, var ved å lage ein leirklump blanda med plantemateriale som skulle utgjere det indre volumet på gjenstanden. Denne forma blei så dyppa i smelta glas. Objektet blei deretter rulla over ein hard gjenstand, slik at overflata skulle bli jamn. Når glasgjenstanden var blitt kald, kunne leirklumpen fjernast.

Forløpar til fagforeiningane i dag

Dei egyptiske handverkarane var organiserte i grupper med ein vald leiar som kunne døme når det var strid mellom medlemmane. Snikkarar, gullsmedar og koparsmedar skulle busetje seg innanfor bestemte område i Egypt. Det mest vanlege var nok at handverket gjekk i arv frå far til son, og at barna gjekk i lære hos faren heilt frå dei var ganske små, for å lære seg handverket.

Vil du vite meir?

På sida til University College London, Egypt digitalt fortalt, kan du lese meir om kunst- og bruksgjenstandar.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale