Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. MaterialeChevronRight
  4. Toving av sitjeunderlagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Toving av sitjeunderlag

I denne oppgåva skal du jobbe med tekstilmaterialet ull. Du skal få oppleve korleis fibrane tovar seg, og lære litt om tekstilfiber og tekstur.

I denne prosessen kan vi enkelt lage eigen design ved å bruke fleire ulike fargar med ull og leggje dei i forskjellige mønster. Ut frå store tova flak kan vi lage mykje forskjellig. Tenk på det som eigne tekstilar klare til bruk.

Utstyr

  • Flytande grønsåpe (utan fosfat)
  • Sprayflaske til såpevatn
  • Fast Sunlight-såpe til etterbehandling
  • Bambusmatte Vaskebrett Nylonduk (for å dekkje ulla)
  • Saks
  • Handkle

I tillegg treng du tilgang til ein vask.

Framgangsmåte

  • Lag klar all ulla du skal bruke i toveprosessen.
  • Lag ei såpeblanding med forholdet éin del såpe og ti delar vatn. Vatnet skal vere cirka 40 – 45 °C.
  • Legg ulla på ei bambusmatte. Skal sitjeunderlaget vere 40 cm x 30 cm, må du rekne med cirka 30 prosent ekstra til krymping. Det vil seie at flata bør vere cirka 52 cm x 39 cm når du startar arbeidet.
  • Legg på eit kryssande lag med ull, klapp forsiktig reint vatn inn i ulla og legg på ein tynn nylonduk. Klapp/klem vatn inn i ulla, før du går over til å gni med lette sirkelrørsler. Ull har ein spesiell struktur ved at ho har mikroskopiske «piggar» som tovar seg saman i prosessen.
  • Snu ulla og jobb med lette sirkelrørsler på denne sida òg.
  • Legg på fleire lag med ull, minst fire til seks stykk, til eit sitjeunderlag. Bruk sprayflaske og spray varmt grønsåpevatn på filten.
  • Når sjølve toveprosessen er ferdig, bruker du Sunlight-såpe og varmt vatn (cirka 45 °C) til toving av arbeidet. Bruk gjerne eit vaskebrett til å gni ulla på. Varme og friksjon gjer at ulla krympar. Filten blir tettare og fastare med mykje arbeid, og hugs at eit sitjeunderlag med moderat toving kan vere like varmt som eit hardt tova sitjeunderlag. Dette er fordi luft isolerer.
  • Skyl filten rein for såpe.
  • Rull filten inn i eit handkle til tørking.
  • Når sitjeunderlaget er tørka, kan du klippe det ut i ei vald form.

Innlevering

  • Ferdig tova sitjeunderlag (eventuelt designprosess)

Læringsressursar

Materiale

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tinn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Leire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tekstil

  • SubjectMaterialFagstoff

    Verktøy

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sliping av knivblad

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sliping av blad på høvel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter