1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. MaterialeChevronRight
  4. VerktøyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verktøy

Det er viktig å kunne noko om ulike verktøy, slik at vi bruker dei på ein riktig og effektiv måte. Å velge riktig verktøy kan vere avgjerande for korleis sluttresultatet blir.

Skredder klipper stoff. foto.

Verktøy

Verktøy er reiskap ein brukar til å reparere, montere, demontere, lage, eller vedlikehalde noko med. Det er utvikla ei lang rekkje forskjellige verktøy til forskjellige formål. Det å velje rett verktøy til rett arbeid er viktig. Det er ein viktig del av handverkarkompetansen å kjenne til det utvalet av verktøy som finst og kva typar arbeid dei eignar seg for. Forskjellige materiale stiller forskjellige krav til verktøyet.

Det finst verktøy som blir brukt i mange ulike yrke, men det kan vere svært ulikt etter i kva yrke det skal brukast. Dei saksene som blir brukte av ein frisør er ulike dei saksene ein blomsterdekoratør brukar, og det finst forskjellige frisørsakser til forskjellig bruk. Det finst også sakser i mange kvalitetar og til forskjellige prisar. Stålet som er brukt i saksa bestemmer kvaliteten og prisen. Kvaliteten på ei saks er 100% avhengig av kvaliteten på stålet ho er laga av, både når det gjeld om ho er skarp nok og har lang levetid. Stålkvaliteten er også avgjerande for kor hardt og skarpt stålet optimalt kan bli.

Alt materiale som du kan byggje opp og forme med hendene, er ei form for modellermasse. Tre har meir motstand, og du må bruke reiskapar for å arbeide med det. Metall gir deg endå meir motstand. Tekstilar og papir gir deg ikkje same motstanden som tre og metall, men krev likevel at du meistrar verktøy, reiskapar og ulike teknikkar for å arbeide med materiala. Det er også viktig å vite noko om reiskapar og verktøy, slik at vi brukar dei på ein riktig og effektiv måte.

Leirpotte på dreieskive. Foto.

Læringsressursar

Materiale

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tinn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Leire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tekstil

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sliping av knivblad

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sliping av blad på høvel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter