Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Form og fargeChevronRight
  4. LayoutChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Layout

Ein grafisk designer arrangerer bilde og tekst for å kommunisere ein bodskap. Ein god komposisjon gjer at innhaldet blir presentert oversiktleg og bra. Ein layout betyr bruk av bilete, illustrasjonar og tekst i eit gjennomtenkt oppsett. InDesign er eit anbefalt dataprogram, men du kan og jobbe for hand.

Frimerke, designet av Bruno Oldani, som viser skiløper og de olympiske farger. Foto.

Tips om luft og skrift

  • Dersom du ikkje har over normalt fin handskrift, bør du bruke data. Vel ein passande datafont.
  • Ein del «luft» kan gjere det ryddigare og gjere bodskapen lettare å oppfatte.
  • For mykje «luft» kan gi eit tomt og kjedeleg oppsett.

Innhald og skisser for oppsett

  • Tenk igjennom kva som bør vere med av informasjon i oppsettet.
  • Lag skisser for hand, det gir meir rom for tenking utan at datateknikk set ei sperre.
  • Liten tekst illuderer du med tusjstrek. Større skrift og illustrasjonar skisserer du grovt.
  • Her er det ikkje viktig at det ser perfekt ut, men at du får ei god forståing av korleis oppsettet fungerer eller ikkje fungerer.

Størrelsesforskjellar

  • Bruk størrelsesforskjellar aktivt.
  • Stort hovudbilete/illustrasjon og mindre bilete/illustrasjonar som supplement gir dynamikk og moglegheita for å skape blikkfang.
  • Ei relativt stor hovudoverskrift fangar merksemda og er eit blikkfang.
  • Du kan òg ha ein ingress (ei innleiing) som tek opp det viktigaste i teksten og vekkjer interesse. Denne bør vere vesentleg mindre enn overskrifta, men samtidig betydeleg meir markant og litt større enn brødteksten (hovudteksten).
  • Ikkje bruk meir enn to (maks tre) ulike fontar. Bruk same fonten gjennom heile layouten på dei ulike skriftoppsetta (overskrift, ingress og brødtekst).
  • Ha ein gjennomgåande stil.

Tenk på layout når du blar i magasin.

For eigen inspirasjon:

  • Finn eitt eller fleire oppslag som du synest fungerer godt, og eitt eller fleire du synest fungerer dårleg.
  • Forslag: Desse kan du hengje opp i klasserommet, slik at alle kan få ein «guide» til eit godt layout-oppsett. De bør diskutere kvifor somme fungerer og andre ikkje fungerer.

Læringsressursar

Form og farge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fargelære

  • SubjectMaterialFagstoff

    Form

  • SubjectMaterialFagstoff

    Formspråk

  • SubjectMaterialFagstoff

    Komposisjon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tekstur

  • SubjectMaterialFagstoff

    Typografi

  • SubjectMaterialFagstoff

    Persepsjon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Estetikk

  • SubjectMaterialFagstoff

    Valg av farger til et produkt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fargar tyder noko

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Om farger og flater

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Basisformer 2D

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Basisformer 3D

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter