Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. EtikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etikk

I praksis handlar etikk om å sjå konsekvensane av det du gjer. I arbeidslivet må vi reflektere over eiga verksemd. Då bør vi stille spørsmål om korleis produkta og tenestene våre verkar inn på verda rundt oss, til dømes når det gjeld miljø, velferd, kultur og politiske rettar.

Ung kvinne med bind for auga står framfor ein raud bakgrunn. Foto.
Ung kvinne med bind for auga.

For å løyse slike spørsmål finst det ulike etiske retningar. Pliktetikk og konsekvensetikk er to hovudretningar innan filosofien. Pliktetikken pålegg plikter og gir rettar. Denne retninga tar utgangspunkt i enkeltindividet. Ein person har plikt til å gjere eller å la vere å utføre visse handlingar. Dette avgjer kva som blir rett og kva som blir gale.

Konsekvensetikken fokuserer på konsekvensane av handlingane, ikkje på om dei bryt ein rett eller ein regel. Dersom ei handling eller eit tiltak vil innebere positive konsekvensar – eller gi større lykke eller velferd for mange menneske – kan det hende at brot på retten til ein enkeltperson likevel kan forsvarast. La oss gjennom to døme vise korleis den etiske vurderinga kan bli ulik avhengig av kva etikksyn vi bruker.

  • La oss seie at det på ein institusjon for senil-demente er ein aktivitør som vurderer om det er etisk forsvarleg å låne kontantar for ei tid av ein av bebuarane sine lommebøker, som er oppbevarte på vaktrommet, for å betale pizzabodet som kjem med overtidsmat – ingen andre har kontantar.
  • La oss seie at ein handverkar bestemmer seg for å lage ein tilbodskampanje i butikken sin. Ho planla ut frå den opphavelege kalkylen å ta 150 kroner for denne vara, men har lenge selt henne for 100 kroner. No set ho tilbodsprisen til 75 kroner, og annonserer med 50 % rabatt.

I det første dømet er det openbert at aktivitøren ut frå pliktetikken gjer noko gale: Ho stel frå ein annan si lommebok. Sjølv om det berre er reint mellombels, og vedkommande neppe kjem til å merke det – blir det feil. Men ut frå konsekvensetikken kan det seiast at ho har handla etisk forsvarleg. Skrubbsvoltne kollegaer har fått overtidsmaten sin utan at det har gått ut over andre.

Også i det andre dømet er det openbert at handlinga ut frå eit pliktetisk perspektiv er feil. Førprisen er jo 100 kroner, ikkje 150. Men dersom ho ved si marknadsføring får nokon til å kjøpe produktet – og dei får stor glede av det – kan det kanskje ut frå ei konsekvensetisk vurdering bli ein annan konklusjon på det etiske dilemmaet.

Produksjon og arbeidsforhold

I dag er likevel dei viktigaste etiske dilemmaa i forbrukarsamfunnet korleis ulike produkt blir produserte. Meir enn halvparten av dei tekstilane som blir selde i Noreg, er laga i utviklingsland som Kina, India, Thailand, Korea, Indonesia og Bangladesh. Ofte er arbeidsforholda varene blir produserte under svært dårlege etter vår standard. Låge lønningar tvingar arbeidarane til å jobbe opp mot 80 timar i veka. Dei får ikkje organisere seg i fagforeiningar.

Ein får dermed ikkje gjort noko med uregulerte arbeidsvilkår og dårlege arbeidsmiljø. Tekstilane som skal bli klede, blir ofte bleika med klor og deretter farga med fargestoffer som kan innehalde tungmetall som nikkel og kopar. Begge prosessane blir skylde ut med vatn, med det resultatet at grunnvatnet i området blir forgifta

Organisasjonen Etisk forbruk rår forbrukarane til å kjøpe varene sine i spesialforretningar. Ein bør alltid spørje kor lang levetid eit produkt kan forvente å ha. Gode garantiordningar kan gi tips om dette. Den medvitne forbrukaren bør også spørje om vara kan bli reparert. Det kan ofte lønne seg å kjøpe gode kvalitetsprodukt av haldbare materiale som varer lenger og gir ei betre brukaroppleving.

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter