Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kvalitetssikring

God kvalitet vil seie at produktet har dei eigenskapane vi ønskjer. Det kan til dømes vere utsjåanden – form, farge og funksjonalitet, eller det kan gå på slitestyrke – materialval og produksjonsmetode. Ven deg til å tenkje kvalitetssikring gjennom heile prosessen, frå idé til ferdig produkt.

Fleire hender viser tommel opp. Foto.

Vurdering av fasar i produksjonsprosessen

Eit handverksprodukt kan opplevast gjævt å halde i. Denne kjensla kjem gjerne av kvaliteten på produktet. Når du startar yrkesutdanninga, er det lurt å tenkje kvalitetssikring allereie frå første skuledag. Det finst fleire kvalitetssikringssystem, men dei fleste omfattar heile prosessen frå den første idéen blir skapt til produktet eller tenesta er i bruk.

Designmodellen

Designmodellen kan hjelpe deg til å gå systematisk gjennom dei ulike fasane og vurdere innhaldet i dei:

Designmodellen må ikkje vere nokon statisk modell. I gjennomføringa av eit prosjekt kan vi finne ut at prosjektet ikkje kan ferdigstillast på ein god måte. Då må vi gå tilbake til idéutvikling og planleggje ut frå dei erfaringane vi har fått i gjennomføringsfasen. Det same gjeld om vi har laga eit produkt som ingen vil ha. Ved å teste produktet i marknaden får vi impulsar vi kan bruke til ein ny idéutviklingsfase.

Dokumentasjon

Dokumentasjon og kvalitetssikring høyrer saman. Tenk kor vanskeleg det kan bli å diskutere korleis vi kan betre produktet eller arbeidsprosessen dersom vi ikkje har dokumentert kva vi har gjort undervegs.

Gjennom utdanninga di skal du gjennomføre fleire prosjekt. Gjer det til ein vane å tenkje nøye gjennom arbeidsprosessen du eller de vel, slik at du seinare kan forklare den til andre. Prøv å vurdere det resultatet du eller de oppnådde opp mot dei idéane de hadde då de starta prosessen. Dersom resultatet ikkje får den kvaliteten de vil ha, gjeld det å finne ut kor det ikkje gjekk etter planen. Slik kan de vidareutvikle både arbeidsprosessen og produktet. Då har de skapt dykkar eige kvalitetssikringssystem.

To som diskuterer framom ein PC-skjerm. Foto.

Kvalitetssikringssystem

Bedrifter av ein viss storleik overlèt ikkje kvalitetssikringa av produkta dei leverer på marknaden til den enkelte tilsette. Dei har eit system for kvalitetssikring. I dette systemet blir det sett det opp normer for korleis produktet eller tenesta skal vere. Dersom sluttresultatet ikkje blir akkurat slik normene skulle tilseie, snakkar vi om eit avvik. Ein skulle tru at det då gjaldt å få færrast moglege avvik. Det er til ein viss grad riktig, men i ein organisasjon med eit velfungerande kvalitetssikringssystem gjeld det tvert om å rapportere flest moglege avvik. Berre gjennom ein stadig forbetringsprosess kan produkta eller tenestene utvikle seg, og derfor er det viktig at ingen i organisasjonen sluttar å rapportere avvik.

Læringsressursar