Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Etikk og kvalitet

I oppgåvene nedanfor skal du sette deg inn i produksjons- og arbeidsforholda til større kjeder/ bedrifter som du kjenner til, og seie noko om kvaliteten til ulike produkt. Du skal òg reflektere over dine eigne val rundt kvalitet på produkt.

Toarmet vektstang.Foto.
Toarma vektstang

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 5 skuletimar

Teori: Etikk

Oppgåver

  1. Ta for deg ei bedrift/ein kjede der du har handla eit av plagga du har på deg no, og gjer deg kjend med bedrifta/ kjeda. Skriv ein liten tekst der du seier noko om:
    • kva bedrift/kjede som har laga plagget du har valt
    • kvar plagget blir produsert
    • kva arbeids- og produksjonsforhold plagget er laga under
    • kva materiale plagget er laga av, og kva kvalitet som er knytt til det
  2. Ta utgangspunkt i oppgåve 1, og ta for deg ein bruksgjenstand du har heime (stol, bord, bakebolle, kjøkkenmaskin…). Skriv ein tekst med same innhald som i oppgåve 1.

  3. Ta for deg eit produkt du har laga, og skriv ein kort tekst der du gjer greie for produksjonsprosessen, og kvaliteten til produktet ditt.

Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg tekst til oppgåve 1, 2 og 3.

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter