Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. Skriftleg vurdering av produktChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skriftleg vurdering av produkt

Nedanfor er det laga eit forslag til korleis du kan vurdere ei oppgåve eller eit produkt. Målet er at du skal reflektere rundt dei vala du har tatt undervegs i prosessen, og du skal levere ei skriftleg vurdering som er presentert på ein enkel og strukturert måte.

Ung mann jobber med skriftlig vurdering. Foto.

Arbeidsform: Individuell

Tid: 3 skuletimar

Teori: Vurdering

Oppgåve; skriftleg vurdering

Nedanfor er det 4 punkt som skal vere med i den skriftlege delen. Du må sjølv vurdere om noko ikkje passar inn i oppgåva di.

  1. Framside

    • Namn på oppgåva
    • Fag
    • Bilete av ferdig produkt
    • Namnet ditt, skule, linje, dato/ årstal
  2. Innleiing

    • Her skal du skrive kort rundt kva oppgåve du har arbeidd med og kva denne har gått ut på, kva periode du har jobba med oppgåva og eventuelt kva kompetansemål som ein vurderer oppgåva opp mot.
  3. Hovuddel

    • Forklar kva du har gjort i oppgåva.
    • Reflekter over eige (eller andre sitt) arbeid. Ta for deg farge, form, komposisjon, materiale, teknikkar, verkty og maskiner som er brukte opp mot oppgåva.
    • Sett gjerne inn biletdokumentasjon av prosessen inn i det skriftlege, om dette er relevant.
  4. Avslutning

    • Finn fram til eigne utviklingsbehov
    • Kva har du lært som du kan bruke i andre samanhengar?
    • Kva kunne vore gjort annleis?

Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg del med alt innhald i oppgåva over

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter