Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. DokumentasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dokumentasjon

I denne oppgåva skal du dokumentere eigen arbeidsprosess og produksjon av ferdig produkt, ved bruk av digitale verkty. Du skal ta i bruk video og bilete i dokumentasjonsarbeidet. Ferdig produkt skal bli ein dokumentasjonsfilm.

Dame filmar med eit digitalt videokamera. Foto.

Arbeidsform: Individuell

Tid: ca. 15 skuletimar (inkludert framvisning av ferdig video)

Teori: Dokumentasjon

Oppgåve

Ta for deg ei oppgåve som du har jobba med i produksjon eller yrkesfagleg fordjuping. Det er viktig at du har hatt ein god arbeidsprosess og eit ferdig produkt.

  1. Dokumenter prosessen ved bruk av film og bilete. Det er viktig å tenke kvalitet på bileta/ filmen i tillegg til komposisjon, heilskap, form og farge.
  2. Rediger bileta:
    • Skjer til bileta, juster farge og liknande
    • Eigna program kan vere Photoshop, Picasa, Paint.net, GIMP eller liknande
  3. Rediger filmane:
    • Klipp til, ta vekk lyd og liknande
    • Eigna program kan vere Movie Maker/ iMovie eller liknande
  4. Sett inn bileta saman med filmen du har redigert. Det er viktig å tenke rekkefølge - at innhaldet har ein logisk progresjon og struktur. Du bør ha eit bilete/ ein slide i starten av filmen som seier noko om kva oppgåve du har dokumentert, og du kan godt ha nokre overskrifter/ kommentarar undervegs (kan godt vere knytte til fagord innan form, materiale, fargeval...).
  5. Legg til lyd og andre verkemiddel for å få ein god film.
  6. Vis filmen for klassa, snakk om dei vala du har gjort med omsyn til redigering og verkemiddel i filmen i tillegg til val av digitale verkty.

Innlevering og vurdering av:

  • Ferdig dokumentasjons-film - alt i oppgåva over er jobba med og nøye gjennomtenkt.

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter