Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. Presentasjonsteknikk: mappeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Presentasjonsteknikk: mappe

Det fins fleire måtar å bruke mappe til å presentere eigne arbeidsprosessar, produkt eller tenester. Ein kan bygge opp ei mappe der ein fyller på med innhald etterkvart gjennom skuleåret, eller ein kan lage ei skrytemappe med kun bilete av produkt på slutten av året.

Rosa dokumentmappe

I oppgåva nedanfor er mappe brukt til å presentere ein prosess frå idé til ferdig produkt.

Oppgåve:

Ta for deg eit produkt du har laga i produksjon eller yrkesfagleg fordjuping.

  • Dokumenter det ferdige produktet - ta bilete frå ulike vinklar (viktig å ha ein nøytral bakgrunn)
  • Dokumenter materiale, verkty eller maskiner du har brukt undervegs i prosessen
  • Finn fram skisser og eventuelle notat du har gjort undervegs i prosessen
  • Skriftleg innhald;
    • Framside (namn på oppgåva, ditt namn, fag, skule, årstal, klasse/ linje og gjerne eit bilete av det ferdige produktet ditt)
    • Vurder produkt og arbeidsprosess
    • Helse, miljø og tryggleik
    • Materialval, bruk av verkty/ maskiner
  • Avslutning

Vurdering av:

  • Mappestruktur
  • Innhald (alt som oppgåva krev er tatt med)
  • Biletdokumentasjon av prosess, produkt og materiale/verkty

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter