Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. Oppgåve i kvalitetssikringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve i kvalitetssikring

I denne oppgåva skal du ta for deg eit produkt du har laga i produksjon eller yrkesfagleg fordjuping, og kvalitetssikre arbeidsprosessen og det ferdige produktet.

Kvinne med spørsmålstegn

Dei ulike fasane i produksjonsprosessen

Når du skal kvalitetssikre arbeidsprosessen og det ferdige produktet er det viktig å ta for seg dei ulike fasane i produksjonsprosessen:

  • Idéutvikling
  • Planlegging
  • Gjennomføring
  • Vurdering
  • Oppfølging

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 7 skuletimar

Teori: Kvalitetssikring

Oppgåve

  • Lag ei liste over mål du hadde med oppgåva før du starta. Sjå gjennom dei fem fasane i produksjonsprosessen. Burde du ha gått inn og gjort endringar i nokre av fasane?
  • Lag eit spørjeskjema rundt produktet ditt der du fokuserar på utsjånad (farge, form og funksjon) og slitestyrke (materialval og produksjonsmetode)
  • Gjennomfør ei spørjeundersøking ut frå spørjeskjemaet ditt, og vurder resultatet. Vart det som forventa?

Innlevering og vurdering av:

  • Liste over mål for oppgåva og vurdering av produksjonsprosessane
  • Spørjeskjema og vurdering av resultata i spørjeundersøkinga

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter