Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. PresentasjonarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Presentasjonar

Denne videoen gir deg ei kort innføring i korleis du kan bli betre til å presentere.

Presentasjonsråd:

  • Presenter deg sjølv
  • Sjå folk i augene
  • Fortel kva presentasjonen skal dreie seg om
  • Bygg på kunnskap
  • Bruk stor skriftstorleik, få ord og få lysbilete.
  • Ha klart for deg det du ønskjer å formidle; bodskapen
  • Bruk illustrasjonar og forteljingar
  • Unngå overdreven bruk av punktlister
  • Oppsummer og konkluder

Oppgåve 1

Lag ein kort presentasjon av deg sjølv på 3 til 5 lysbilete. Bruk eit digitalt verktøy som Powerpoint eller Prezi til å setje saman informasjonen. Ta gjerne for deg interesser, favorittmat, filmopplevingar, aktivitetar og personlegdom. Framfør presentasjonen i klassen/gruppa.

Oppgåve 2:

Lag grupper på tre-fire personar. Kartlegg bruken av sosiale medium i gruppa. Kva for tenester er mest populære? Kva for teneste er den nyaste? Kva for teneste klarer ein seg ikkje utan? Korleis bør vi forholde oss til sosiale medium i skulekvardagen?
Lag ein presentasjon på 10 lysbilete som viser bruk og ulike synspunkt i gruppa. Presenter dette for klassen.

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter