1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Frisør-, blomster- og interiørdesignChevronRight
  4. Besøk hjå Zaga hårstudio i OsloChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Besøk hjå Zaga hårstudio i Oslo

I mai 2011 blei vi med Yrkeslitteratur AS til Zaga hårstudio på Løren i Oslo. Der møtte vi Marja Rahm og Tannaz Mafazi frå Opplæringskontoret for frisørfaget i Oslo og Akershus. Dei skal lære oss nokre sentrale oppgåver i frisørfaget.

Frisørelever jobber med modellhoder. Bilde.

Vi skal begynne med å sjå korleis Mirja Rahm gjennomfører ei klassisk farging med påfølgjande skylling og hovudbotnsmassasje. Vi skil mellom tre typar fargebehandling: klassisk farging, minikolorasjon og glansvask. Dersom vi ønskjer å gi håret ein lysare tone, kan vi også bruke lysfarging eller bleiking. Her skal Mirja vise oss korleis ho gjennomfører ei klassisk farging. Den kjemiske prosessen som skjer i håret under ei klassisk fargebehandling gjer at vi får ei varig fargeendring.

Når vi påfører fargestoffet, vil håret svelle fordi ammoniakken opnar skjellaget og trengjer inn i håret. Hugs at ammoniakk fordampar lett, slik at intensiteten blir svekt i løpet av den tida stoffet verkar. Hydrogenperoksidet verkar som eit oksidasjonsmiddel. Etter svelleprosessen trengjer fargestoffa inn i håret. Dei fargelause fargeemna som blir brukte i eit hårfargemiddel, blir kopla saman til fargestoff ved hjelp av oksidasjonsmiddel. Fargeemna lagrar seg oppå kvarandre i håret og fargepigmenta blir større. Dei blir derfor ikkje så lett vaska ut av håret. Vi får ein permanent hårfarge. I dei fleste fargekremane er det ofte adderande fargepigment i tillegg, særlig av raude nyansar. Dette blir tilsett for å forsterke fargeeffekten.

Blandingsforholdet ved klassisk farging er som oftast ein del fargekrem og ein del hydrogenperoksid (vasstoff). Dette blir kalla oksidasjonshårfarge. Gjennom oksidasjonsreaksjonar får ein fargestoffa til å utvikle seg. Dette gir håret den fargen ein ønskjer. Det krevst minimum 2 % hydrogenperoksid for å få kopling. Men blandingsforholdet kan variere noko, så her er det viktig å lese bruksrettleiinga og bli betre kjend med fargane. Ein oksiderande farge som inneheld hydrogenperoksid vil alltid vere tokomponent, det vil seie at han må blandast før bruk.

Det er viktig å ta omsyn til hårsonene når vi skal smørje inn fargen. Vi har ei varm sone, ei kald sone og ei porøs sone. Den varme sona er nærmast hovudbotnen og ca. 3 cm ut på hårskaftet. Her vil varmen frå hovudbotnen kunne innverke på fargen. Den kalde sona er dei neste 3 cm til lengdene, det vil seie fram til der den porøse sona startar. Den porøse sona er dei ytste lengdene på håret, frå den kalde sona og heilt ut. Her kan håret ofte vere strukturskadd og kjemisk behandla.

Sjølve innsmørjngsteknikkane varierer avhengig av om det er varme eller kalde fargar. Særleg om håret ikkje har blitt farga tidlegare, må vi vere særleg nøye med sonene for å unngå misfarging. Og spesielt viktig er dette ved sterke raudfargar. Merk også at vi påfører fargen til forskjellig tid i dei ulike sonene når vi brukar kalde og varme fargar.

Varme fargar smør ein først inn 2 cm. Frå hovudbotnen, i den kalde sona. Deretter i den varme sona nærmast hovudbotnen. I porøse spissar brukar vi fargekremen tynna ut med vatn eller ein glansvask.

Kalde fargar smør ein først nærmast hovudbotnen, deretter i den kalde sona. I dei porøse spissane gjer vi det same som med varme fargar.

Vi startar innsmørjing like etter at fargekremen er blanda, og brukar ikkje meir enn ti minuttar for å unngå at det blir ulik verketid frå der vi startar til der vi avsluttar. Fargekremen inneheld nemleg ein ”brems” som gjer at han ikkje begynner å verke før etter ti minuttar.

Fargekrem verkar ca. ein halv time. Deretter må håret skyljast grundig. Først skyl ein håret litt, så skummar vi opp fargekremen med fingrane og masserer bort fargerestar på huda. Deretter skyl vi håret godt heilt til vatnet er fritt for farge.

Det er nødvendig med ei etterbehandling av håret etter alle kjemiske behandlingar, også farging. Vi brukar eit surt produkt som balsa eller rinse. Etterbehandlinga skal fjerne eller nøytralisere kjemikalierestane. Denne behandlinga skal også stoppe etteroksidasjonen av hårfargen og stabilisere fargestoffet, og dessutan lukke håret slik at skjellaget legg seg tett inn til hårskaftet og gjer det lettare å kjemme håret.

Vi avsluttar behandlinga med hovudbotnsmassasje. Vi brukar dei same grepa ved massasje som ved vasking, men med ein tydelegare bruk av fingertuppane og med lågare fart. Vi startar med rolege strykingar og held fram med sirkelrørsler. Massér hovudet med mjuke rørsler, først oppover og deretter nedover.

Til slutt kan vi gi litt nakkemassasje. Dette er ei avslappande og roande behandling. Begynn med å løyse opp bindingar i skuldrene ved hjelp av sirkelmassasje. Plasser deretter begge tommelfingrane mot nakken og arbeid med fingrane frå skuldrene mot ryggsøyla tre gonger. Arbeid med rullande rørsler på sida av nakken tre gonger på kvar side frå midten og ut. Massér nakken med knokane nedanfrå og oppover og innover mot midten. Gi øyro ein lett massasje. Avslutt massasjen med å trekkje lett i håret. Det er eit signal om at hårkuren kan skyljast ut og behandlinga kan avsluttast.

Skyl med kaldt vatn til slutt og massér då med lette sirkelrørsler. Hugs å seie frå til kunden at vatnet er kaldt før det blir påført.

Klassisk farge

Inndeling av hovudet i indre og ytre område

Vi deler hovudbotnen i eit indre og eit ytre område. Desse blir delte av crestområdet. På engelsk betyr crest kam eller topp, og dette er det breiaste området øvst på hovudet. Dersom du kjenner på hovudforma til kunden, vil du registrere ei bogeform. Ho er individuell frå person til person. Designlinja er den linja som hårspissane dannar rundt heile frisyren. Vi beskriv linja i front ca. fem cm inn frå hårfestet, i nakken frå crestområdet og ned til hårfestet og i sidepartia frå crestområdet og nedover. Kronepartiet er ein del av crestområdet.

Designlinja kan vere ulik på ulike personar og ulike frisyrar. Linja kan vere horisontal, diagonal, konveks eller konkav. Brytinga mellom det indre og det ytre området på hovudet kallar vi den indre designlinja. Den ytre designlinja er avslutninga av forma i nakken, sidepartia og fronten.

INNDELINGENE AV HODE

Dei fire grunnformene i klipp

Tannaz viser oss på videoen nedanfor dei fire grunnformene i klipp. Det er heil form, gradering, aukande lengder og like lengder. Vi brukar alltid minst ei av desse formene når vi klipper. Heil form, like lengder og aukande lengder er klippeformer som kan utgjere ein sjølvstendig frisyre, mens gradering som oftast må kombinerast med ein av dei andre. Det er likevel mest vanleg at ein frisyre er sett saman av to eller fleire av desse grunnformene. Og det er berre fantasien som set grenser for kor mange ulike kombinasjonar vi kan få ut av dei fire grunnformene.

Grunnforma heil form er kortast i det ytre området og lengst i det indre området. Vi startar klippen ved hårfestekanten i det ytre området, det vil seie i nakken eller i eitt av sidepartia. Pass på at projeksjonsvinkelen er 0o. For å få fram forma blir alt håret klipt etter den fastsette guidelinja. Kvar passé må haldast loddrett, ikkje i rett vinkel på hovudbotnen. Denne linja vil heile tida vere rettleiande for klippen vidare. Det er derfor viktig at ein ny passé ikkje er tjukkare enn at guidelinja er synleg. Hovudstillinga er avgjerande for eit vellykka resultat. Teksturen vil vere ikkje-aktiv både i det indre og i det ytre området. Vi vel sjølve forma på designlinja. Denne linja kan vere konkav, konveks, diagonal bakover, diagonal framover eller horisontal.

Grunnforma gradering er kortast i det ytre og lengst i det indre området. For å klippe gradering trekkjer vi andre passé litt ut frå den naturlege fallretninga, slik at klippevinkelen blir meir enn 0o. Vi skil mellom låg gradering (1o til 30o), mellomgradering (31o til 60o) og høg gradering (61o til 89o).

Graderingsforma blir alltid kombinert med ei eller fleire av dei andre grunnformene. Dersom du ønskjer ein markert graderingskant, kombinerer du han med heil form i det indre området. Då vil det bli ein ikkje-aktiv tekstur i det indre området og aktiv tekstur i det ytre området.

Dersom du kombinerer kanten med like eller aukande lengder, vil han vere aktiv både i det ytre og det indre området. Når projeksjonsvinkelen er meir enn 0o eller mindre enn 90o, blir det graderingsform. Omgrepa låg gradering, mellomgradering og høg gradering viser kor høgt du graderer og kva slags projeksjonsvinkel du brukar. Dersom du har ein høg graderingsvinkel i det ytre området, får du heilt kort nakke. Graderingskanten er den kanten spissane skaper når vi har klipt ei gradering. Det er tre beskrivingar av graderingskantar: parallell, aukande og minkande. På fagteikningar har gradering ein fargekode, og koden kan symboliserast med ein trekant med spissen ned.

Grunnforma like lengder brukar vi når hårlengda skal vere like lang over heile hovudet. Du startar klippen der du sjølv ønskjer. Der du vel å begynne, bestemmer du guidelinja for klippinga videre. Startar du med 5 cm lengd, skal det være 5 cm lengd over heile hovudet. Håret skal klippast av når vi held det vinkelrett (90o) frå hovudbotnen. Dersom designlinja blir endra etter at det er klipt like lengder, vil det medføre at dei blir ein kombinasjon av fleire klippeformer. Teksturen vil vere aktiv i det indre og ytre området. På fagteikningar har like lengder grøn fargekode som kan symboliserast med ein sirkel.

Grunnforma aukande lengder brukar vi når håret i det indre området skal vere kortare enn håret i det ytre området. Vi løfter opp kvar enkelt passé og klipper av etter guidelinja 180o vinkel. På grunn av hovudforma fører dette til at hårlengda aukar etter kvart som vi flytter guidelinja horisontalt utover. Vi kan også mate med passear til same guidelinje midt i indre område. Då får vi meir auking av lengdene. Dersom håret heile tida blir trekt opp til guidelinja, vil du ha ein avsluttande projeksjon på 180o.

Designlinja her vil automatisk bli diagonal bakover, dersom du ikkje går inn og justerer linja. Teksturen vil vere aktiv både i det indre og det ytre området. På fagteikningar har aukande lengder raud fargekode, som kan symboliserast med ein elipse.

De fire grunnformene

Effilering

Ordet effilere kjem frå latin og betyr å tynne ut håret ved klipping. Effilering er når vi klipper ein viss prosent av håret med ei spesiell effileringssaks eller eventuelt med andre teknikkar.

Vi skil mellom tre ulike former for effilering:

  • Roteffilering. Vi klipper ein viss prosent av håret ca. ein cm frå hovudbotnen. Det blir gjort for å få støttehår som gir volum i frisyren om det trengst i det indre området.
  • Mengdeeffilering er når vi effilerer ca. fire-fem cm frå hovudbotnen. Det blir gjort for å redusere hårmengda. Mengdeeffilering gjer at tjukt hår ligg penare og blir lettare å stelle.
  • Spisseffilering blir gjort i spissane. Det vil hindre at håret ser butt ut, og spissane flyt betre i kvarandre.
Effilering

Klassisk oppsetjing med fokus på festeteknikk

Skjema over feste av kliper ved oppsett av hår. tegning.

Tannaz viser oss korleis ho lagar ei klassisk oppsetjing. Ho deler håret fra øyre til øyre og tupperer først bakhovudet og deretter det indre området. Deretter deler ho håret på bakhovudet på midten og lagar først ein stram hestehale nedst og deretter ein øvst. Desse blir festa med hårstrikk med krok. Ho børstar desse med naturbørste og sprayar deretter. Ho lagar lokkar som blir tuperte lett og feste med hårnål og sprayar igjen. Legg merke til at ho fjernar dei spenna som synest. Oppsetjinga blir avslutta med ein blomster til pynt.

Klassisk oppsetting

Læringsressursar

Frisør-, blomster- og interiørdesign

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter