Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Frisør-, blomster- og interiørdesignChevronRight
  4. KverdagsmakeupChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kverdagsmakeup

I mai 2011 blei vi med Yrkeslitteratur AS til Zaga hårstudio på Løren i Oslo. Der møtte vi Tannaz Mafazi frå Opplæringskontoret for frisørfaget i Oslo og Akershus. Ho skal lære oss korleis vi kan legge makeup til kvardagsbruk.

Frisørelever jobber med modellhoder. Bilde.

Kvardagsmakeup

Tannaz viser oss korleis ho legg ein vanleg makeup. Ho er seniorstylist og makeup-artist. Ei ansiktssminke kan ha fleire oppgåver. Dels skal sminka vere dekorativ og framheve ansiktstrekka på ein gunstig måte. Dels kan ho brukast til å skjule kviser, raude føflekker, teleangiectasia (utvida små blodårer) eller pigmentflekker.

Eit reint underlag er ein føresetnad for ein vellykka makeup. Derfor reinsar vi først huda slik at ansiktet er heilt reint. Til å reinse bruker vi reinsekrem eller reinsemjølk, eventuelt eit ansiktsvatn. Hugs at huda på halsen også må reinsast.

Underlaget for all makeup er ein foundation, som består av makeupkrem. Prøv å finne ein farge som er så lik huda sin eigen farge som mogeleg. Dersom du ikkje finn ein farge som er heilt lik, vel du ein tone lysare enn huda, ikkje mørkare. Det vil fort sjå unaturleg ut. Foundation finst som tyntflytande krem, gel, stift eller pudder. Rouge er eit sminkeprodukt som framhevar ansiktsfargen og konturane. Pudderrouge blir først børsta på med ein børste. Børsten bør ikkje vere for liten.

Sminke ved augo skal ta sikte på å få fram vakre, blanke og opne augo. Til det bruker vi kajalstift, augeskygge, vippefarge og eventuelt augebrynsstift.

Eit av dei vanlegaste arbeida på eit ansikt er å rette augebryna. Det medverkar til å opne augo, løfte trekka og skape ei øvre ramme for augepartiet. Det er vanleg å justere forma på augebryna ved å nappe ut hår. Vi følgjer bryna si naturlege linje og understrekar denne linja. Ein god regel er å rette nedste kanten, og eventuelt fjerne enkelthår over og dei håra på sida som får bryna til å henge. Augebryna kan fargast eller forsynast med ferdig farga bryn. Målet er å framheve augepartiet.

Augevippene kan fargast eller forsynast med ferdig farga vipper. Målet er å framheve augepartiet. Dersom vippene ikkje er så tettvaksne som ønskjeleg, kan vi leggje på litt kajalstift på den ytre delen av vippene. På den måten vil dei verke tettare. Kajalstiftar er laga ved samansmelting av bindemiddel som harpiks, feitt, voks og fargestoff. Kajalstiftar blir også kalla kolstiftar. Dei finst i svart, brunt og fleire andre fargar. Vel ein farge som passar til augo og fargen på vippene. Vippene fargar vi grundig med maskara heilt ut til spissane. Maskara finst i fleire fargenyansar, men svart er mest brukt. Maskarafargen blir vald etter fargen på vippene og den verknaden vi ønskjer å oppnå. Denne korrigeringa skal vere usynleg. Når maskara er lagt på, børstar vi vippene slik at dei ikkje klebar seg saman.

Hverdags makeup

Dersom det skal leggjast sminke ved augo, er første bod å ta omsyn til augeforma og augeplasseringa hos kunden. Avstanden mellom augo skal ideelt vere slik at det er plass til eit tredje auga mellom augekrokane. Det ideelle breiddemålet for eitt auga er tre cm. Det gir ni cm som det ideelle breiddemålet mellom den ytste augekroken på kvar side av ansiktet.

Augelokka blir påførde augeskygge. Med lys augeskygge i den indre augekroken får vi avstanden mellom tettsitjande augo til å verke større. I den ytre augekroken brukar vi mørk augeskygge. Når augo sit langt frå kvarandre, korrigerer vi ved å leggje mørk augeskygge i dei indre augekrokane. Små augo verkar større når vi brukar lys augeskygge rundt om heile auga. Djuptliggjande augo får vi til å komme meir fram ved å bruke lys augeskygge. Framståande augo kan dempast med mørk augeskygge.

Kva slags farge og form leppene skal ha, er avhengig av moten og den personlege smaken til kunden. Leppekonturane blir først trekte opp med ein mjuk konturstift som er ein fargetone mørkare enn den fargen som vi skal leggje på leppene. Med konturstiften kan vi korrigere leppeforma litt. Vi kan få tjukke lepper til å verke smalare ved å trekkje konjunkturlinja langs den indre leppekanten. Smale lepper gjer vi tilsynelatande breiare ved å trekkje konturlinja langs den ytre leppekanten. Lyse og lysande farger understrekar denne verknaden. Dersom munnen er for brei, brukar vi hudfarga dekkstift i munnvikane og teiknar inn ei mindre leppeform.

Påføring av leppestift er neste trinn. No målar vi leppestiftfargen heilt ut til konjunkturlinja. For at fargen skal vare lenge, pressar vi eit leppepapir lett mot leppene, og etterpå legg vi eit nytt lag med leppestift. Leppeglans gir ein glinsande effekt når han blir lagd over leppestiften. Dersom kunden ønskjer ei meir forsiktig framheving av leppene, kan vi leggje fargelaus eller farga leppeglans direkte på leppene. Lepelakk over leppefargen gir ei ekstra haldbar leppesminke. Den blir lagd lagd på med pensel, men finst også i kulepennutgåve. Den hinna som legg seg over leppene, held seg lenge, men har den ulempa at ho tørkar ut leppene. Fordelen er at vi kan halde fast på dei klare konturane vi har teikna og sminka.

I ein salong skal leppestift aldri brukast direkte på leppene dersom det ikkje er kunden sjølv som eig stiften. Ein vanleg arbeidsmåte er å skrape litt leppestift med spatel og leggje den på med leppepensel. Etter behandlinga reinsar vi penselen i rein alkohol.

Læringsressursar

Frisør-, blomster- og interiørdesign

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter