Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Frisør-, blomster- og interiørdesignChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Stil og kunst i det offentlege rom

Dette er ei interiøroppgåve der du skal lære litt om modellbygging, lyssetjing, foto og grafisk design. Oppgåva kan brukast i faget produksjon, men passar kanskje betre til ei fordjupingssoppgåve i faget yrkesfagleg fordjuping på grunn av at omfanget er stort.

Jakt inspirert café
Foto av jaktinspirert café: Vindauga er laga av gelantinplater, elghovudet er av leire, kunstige blomster, og peisen er eit bilde ut av ein katalog. Sjølve modellen og interiøret er laga av Capa-papp, og tapetet er «printa» på vanlige ark, for så å bli festa med spray lim.

Mål for oppgåva:

  • lære å leggje fram ideen din profesjonelt for ein kunde
  • forstå korleis du kan bruke lyssetjing og foto for å dokumentere eige arbeid
  • få erfaring med å finne fram til kunst ut frå eit gitt tema
  • lære deg å bruke skissebok effektivt

Bakgrunn:

  • Du har fått ein eksentrisk kunde (alder mellom 30 og 50 år), som har svært god økonomi og brenn for interessa han/ho har for ... (du bestemmer tema).
  • Kunden ønskjer å opne ein kafé der det kan haldast konferansar og føredrag om temaet, og som ved å ha ein viss interiørstil vil lokke til seg ei kundegruppe av likesinna. Kunden er òg kunstinteressert og seier at ein viktig del av dette prosjektet er å få tak i kunst knytt til temaet. Det kan vere illustrasjonar, måleri, grafikk, foto, filmar, skulpturar eller installasjonskunst.
  • Kunsten skal vere ei investering og må hentast inn frå kunstinstitusjonar, galleri og kunstnarar med godt renommé.

Oppdrag:

Foto av modell i fugleperspektiv
Foto av modell i fugleperspektiv
  • Sidan kunden har ein tendens til å la seg rive med litt i meste laget når det gjeld interessefeltet sitt, har han/ho leigd inn deg for å få det til å bli ein stilfull kombinasjon av element og interiør i rommet.
  • Du bestemmer tema, men hugs at alderen på kunden er mellom 30 og 50 år. (Kanskje kunden til og med er deg sjølv i ein eldre og rikare versjon?)
  • Forslag til tema: film, golf, jakt, litteratur, mote, hest, hund, ein bestemt stilepoke, arkitektur, litteratur, journalistikk, musikk, økonomi, miljø, helse, forsking, bil, verdsrommet osv.
  • Du bestemmer sjølv kor stort lokalet skal vere. Dette skal komme fram av planteikninga.

Bli kjent med kunden:

  1. Bestem personleg info om kunde/kundeprofil:

    • Namnet på kunden (ikkje eit krav)
    • Interesse = tema for kafé/konferanse
    • Alder
    • Kjønn
    • Bustad
    • Ønskt geografisk plassering av kafé/konferanselokale
    • Namn på kafé (ikkje eit krav, men kan vere ein fordel)
  2. Lag ein funksjonsanalyse ut frå kundeprofil:

    • Kundeønske
    • Moglegheiter for plassering av lokale
    • Stor eller lita kundegruppe – stort eller lite lokale
    • Eigen scene for konferanse eller omrokering av matbord
    • Osb. ...
  3. Vel kunst og interiør etter valt tema

    • Vurder ulike kunstverk: Sjå på galleri, bloggar, heimesider til kunstnarar.
    • Vurder interiør: Skal det vere maksimalistisk eller minimalistisk? Skal det ha eit tema eller vere nøytralt?
  4. Teikn ein romplan, ta spesielt omsyn til

    • funksjonsanalysen
    • plass til bestilling, servering og konferanse/føredrag

Kundepresentasjon:

Steg1.

Du skal produsere ein modell av ein del av rommet. Modellen skal beskrive den stilen og den kunstretninga du ønskjer å få fram. Modellen skal lyssetjast for å gi djupn og stemning, for så å fotograferast og brukast som hovudbilete i presentasjonen.

Steg 2

Du skal presentere ideen din for kunden i form av eit bokoppslag med modellbilete på framsida. Skisser, kunstval, forklaringar/grunngivingar, illustrasjonar og materialprøvar skal vere med i oppslaget. På baksida skal du ha ei planteikning som viser oppbygging og innreiing. Ta med kontaktinformasjonen din i oppslaget (namn og telefonnummer, eventuelt e-post og nettside). Du kan òg hente inspirasjon til layout frå trykksaker som ikkje nødvendigvis har med interiør å gjere.

Ta medvitne val når det gjeld:

  • å ha ein heilskapleg stil som passar kundegruppa. Dette skal komme fram av skisser, forklaringar og ferdig presentasjonsprodukt.
  • korleis du byggjer modellen: Hugs at han må kunne lyssetjast. Modellen må ta seg godt ut på bilete. Han skal byggjast med tanke på fotografi, ikkje med tanke på å bli sett som ein modell.
  • Prøv så godt du kan å få han til å sjå realistisk ut (sjå node om lyssetjing).

Kva skal du levere?

  • Skissebok, presentasjonsmappe og modell
    Skissebok, presentasjonsmappe og modell

    Skissebok med prosess (inkludert forkasta idear) og argumentasjon for vala dine

  • Kundepresentasjon i form av eit bokoppslag med illustrasjonar, tekst og hovudbilete av modell som er lyssett for riktig stemning
  • Kort munnleg presentasjon av ferdig arbeid (5 min + spørsmål)

Storleik på bok

  • Minimum 20 x 20 cm (per side)Maksimum A3 (per side)Stor nok for å få med viktig innhaldLita nok til å eigne seg for post og oppbevaring

Skal oppgåva gjennomførast i faget yrkesfagleg fordjuping kan følgjande kompetansemål vere relevante:

Kompetansemål (Vg3 interiør/presentasjon)

Interiørarbeid

Eleven skal kunne:

  • gjere greie for og bruke prinsippa for lyssetjing av rom
  • utføre interiøroppdrag og setje desse inn i ein nasjonal og internasjonal kultur- og stilhistorisk samanheng
  • bruke digitale verktøy, teikneutstyr, materiale og teknikkar fagmessig

Presentasjon

Eleven skal kunne:

  • analysere kundebehov, rettleie kundar og skissere interiøridear
  • dokumentere eige arbeid ut frå målgruppe, funksjon, estetikk, stil og samanheng
  • vise og forklare eigen arbeidsprosess ved hjelp av skisser, foto, digitale verktøy, tekst og illustrasjonar

Læringsressursar

Frisør-, blomster- og interiørdesign

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter