Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. VisualiseringChevronRight
  4. Å kommunisere med bileteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å kommunisere med bilete

Kommunikasjon handlar om å dele tankar og idear med andre menneske. For å gjere oss forstått bruker vi lyd (for eksempel språk), tekst og bilete som blir formidla mellom ein avsendar og ein mottakar.

Ung kvinne tar selfie med en smarttelefon. Foto.

Bilete som kommunikasjonsformidlar blir stadig meir utbreidd. "Alle" har i dag ein mobiltelefon med kamera, og vi deler gjerne foto med kvarandre. Prisen på store kamera blir stadig lågare, og det er ikkje lenger berre dei profesjonelle fotografane som har råd til å eige eit spegelreflekskamera. Så å seie all fotografering skjer digitalt, og vi kan enkelt laste opp og dele bileta med heile verda via nettstader som Facebook, Instagram og Snapchat.

Budskap gjennom virkemiddel

Bilete som kommunikasjonsformidlar skil seg frå tekst og lyd ved at bodskapen må visualiserast. Biletkommunikasjon eller visuell kommunikasjon inneber å medvite bruke bilete for å formidle ei stemning eller ein bodskap eller dokumentere ei hending. Ein bodskap er eit samleomgrep for innhaldet som blir formidla frå ein avsendar til ein mottakar, og målet er å få bodskapen til å framstå så riktig som mogleg hos mottakaren.

Å vekkje merksemd

fotografering

Eit uvanleg bilete skil seg ut og vekkjer interesse hos publikum. Noko gjer at vi legg merke til akkurat dette biletet. Vi kallar det stoppeffekt. Når du vil fortelje noko med eit bilete, er det viktig at dei meiningsberande elementa kjem godt fram. Pass på at du går nær nok!

Kontrastar

Ein spiss gaffel mellom alle skeiene, eit raudt drops mellom alle dei gule, barnet som held dei små fingrane sine i den store handa til bestefar – kontrastar finst overalt og skaper spenning i biletet ditt. Anten det gjeld form, mengd eller uttrykk, vil eit element av ei anna form, ein annan farge eller ein annan type skape ein kontrast. Dette elementet blir framheva og dermed lagt betre merke til i mengda.

Sterke fargar

fotografering

Fargar kan brukast effektivt for å framheve element og skape spenning i bileta dine. Mørke fargar mot lyse fargar og kalde fargar mot varme fargar framhevar kvarandre. Fargar er ofte knytte til kjensler og kan brukast til å formidle bodskapen din betre. Raudt er ofte knytt til eld og blod og representerer energi, fare og handlekraft, men kan også representere lidenskap, kjærleik og begjær.

Enkeltbiletet versus bileteserien

Stillbilete er ikkje som i gamle dagar. Tidlegare fotograferte ein på film og måtte vente lenge før filmen blei framkalla. Dyrt var det òg. Ein var oppteken av det gode enkeltbiletet, og "ein fotograferte ikkje med mindre ein hadde bunaden på".

Med den digitale revolusjonen treng vi ikkje å ta slike omsyn. Det er ingen utgifter knytte til fotograferinga, dermed kan vi ta fleire bilete og eksperimentere meir med kameraet. Merksemda er flytta frå det oppstilte enkeltbiletet til den dokumentariske biletserien, der ein i større grad nyttar fleire bilete i samanheng for å beskrive ein situasjon. Dette kan ein for eksempel presentere som fleire bilete i eitt bilete eller som eit slideshow eller ein video med musikk til.

Læringsressursar

Visualisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Illustrasjonsfotografering

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Frå camera obscura til Instagram

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.