Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. VisualiseringChevronRight
  4. Frå camera obscura til InstagramChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå camera obscura til Instagram

Ordet fotografi stammar frå dei greske orda phos og graphein som tyder “lys” og “teikning”. Eit fotografi vil dermed direkte kunne omsetjast til ei ”lysteikning”.

Å teikne med lys



Sjølve prinsippet for fotografering har vore kjent lenge. Allereie på 300-talet f.Kr. beskreiv Aristoteles korleis det å sleppe inn dagslys gjennom eit lite hol i ein vegg gir eit opp-ned-bilete av omgivnaden på motsett vegg.

Camera Obscura
Camera obscura

1490 – camera obscura

Leonardo da Vinci beskriv kva for fordelar dette prinsippet kunne gi for målarar. Lysstrålane blei no leidde over på store ark, slik at målaren raskt kunne teikne av omrisset av motivet. Innretninga fekk etter kvart namnet camera obscura, som er latin for “mørkt rom”. Camera obscura blei meir og meir utbreidd, og mange av dei store renessansemålarane brukte truleg denne reiskapen.

Camera obscura som tegnekamera
Teiknekameraet

1676 – teiknekameraet

Camera obscura var lite praktisk på grunn av storleiken, så i 1676 utvikla Johann Sturm eit teiknekamera. Teiknekameraet var i praksis ein boks med linse og skråstilt spegel. På denne måten blei apparatet både meir lyssterkt og transportabelt. Det spegelreflekskameraet vi kjenner i dag, bruker spegel på same måten for å gi eit rett søkjarbilete.

Sølvnitrat på papir
Sølvnitrat

1727 – oppdaginga av sølvnitrat

Dette året oppdaga tilfeldigvis den tyske legen Johann Schulze at ei sølvnitratblanding på flaske reagerte på lys. Ingen klarte å utnytte denne kunnskapen akkurat då. Men nett denne oppfinninga var nøkkelen til at ein på eit seinare tidspunkt fekk filmen i fotoapparatet til å reagere på lys.

Portrett av Thomas Wedgwood
Thomas Wedgwood

1799 – fiksering av biletet

I 1799 klarte Thomas Wedgewood å feste eit bilete til lêr eller papir som var fukta i sølvnitrat. Problemet var at så snart det biletet han nett hadde laga skulle visast fram, blei det gradvis usynleg. Grunnen var at biletet ikkje var fiksert. Sølvnitratet heldt fram med å ta til seg lys heilt til biletet blei kvitt og utbrent. Alle som har vore i eit mørkerom, veit at ein ikkje kan tenne lampene før filmen eller biletet har vore innom fiksering. Fiksering er den kjemiske prosessen som gjer at filmen ikkje lenger reagerer på lys.

Det første fotografiet
Det første fotografiet

1827 – det første fotografiet

Niepce oppdaga at asfaltbelegget på litografiane blei vanskelegare å fjerne etter at dei hadde vore utsette for dagslys. Dermed sette han ei tinnplate overtrekt med ein tynn ”asfaltfilm” i teiknekameraet. I åtte timar eksponerte han utsikta frå arbeidsrommet sitt. Deretter framkalla han biletet ved å vaske bort ubelyst asfalt med ei terpentinblanding. Biletet finst framleis i Gernsheims fotografiske samlingar.

Portrett av Louis Jacques Daguerre
Louis Jacques Daguerre

1839 – det moderne gjennombrotet

Louis Daguerre arbeidde med forsølva koparplater, og etter mykje prøving og feiling kom gjennombrotet 19. august 1839. Dette markerer starten på det moderne fotografiske eventyret. Moten med portrettfotografering spreidde seg raskt. 15 minutt framfor kamera, så var det gjort, til portrettmålarane si store fortviling.

Det første papirkopiet
Den første papirkopien

1841 – kalotopi og bruk av sølvplater

Engelskmannen William Henry Fox Talbot tok patent på ein prosess han kalla kalotypi. Kalotypi nyttar skrivepapir belagt med sølvsambindingar til film. Resultatet er ein negativ (film). For å få eit positivt bilete må ein så belyse denne mot eit nytt sølvbelagt papir. Papirfilmen gjorde det vanskeleg å få gode kopiar, og bileta blei grovkorna på grunn av papirstrukturen. Kalotypi blei aldri nokon bestseljar, det var framleis koparplatene til Daguerre som blei føretrekte.

Fotograf som arbeider med kjemikalier.
Fotograf som arbeider med kjemikal

1851 – den våte filmplata

Ønsket om å kunne lage fleire kopiar av eit bilete blei stadig sterkare. I 1851 klarte engelskmannen Frederick Scott Archer å feste sølvsalt til ei glasplate. Bindemiddelet han brukte, var kollodium. Eksponeringstida blei no redusert til under eit sekund, men ulempa var at ein måtte ta biletet mens glasplata framleis var våt. Kollodiumsplata gav eit godt negativ som kunne kopierast etterpå.

Portrett av James Clerk Maxwell
James Clerk Maxwell

1861 – det første fargebiletet

James Clerk Maxwell laga det første fargefotografiet i 1861. Han fekk fotografen Thomas Sutton til å ta tre bilete av eit rutete skjerf med raudt, grønt og blått filter framfor linsa. Dei tre bileta blei framkalla og deretter projisert på ein skjerm ved hjelp av tre prosjektørar utstyrte med dei same tre filtra. Resultatet blei eit komplett fargebilete. Nokre år seinare, i 1869, kom franskmannen Ducos du Hauron med ei løysing for subtraktiv fargeblanding. Metoden han brukte, var å ta tre fotografi av eksakt same motiv med grønt, oransje og fiolett filter framfor objektivet. Dette gav tre forskjellige negativ på tynne filmar av gelatin med fargane raud, blå og gul. Til slutt blei desse tre negativa lagt over kvarandre, slik at dei til saman danna eit komplett fargenegativ.

Magnesiumpulverblitz
Magnesiumpulverblits

1865 – kunstig lys

I 1865 tok fotografane i bruk magnesiumpulver som eit hjelpemiddel når dei trengte kunstig lys. Brennande magnesium gir eit sterkt lys, og blir mellom anna brukt i fyrverkeri. Magnesiumpulverblitsen var enkel å frakte med seg, men svært brannfarleg.

Tørrplate
Tørrplate

1871 – tørrplata

Briten Richard Leach Maddox vidareutvikla Archer sin glasplatemetode. Han brukte gelatin for å binde sølvbromid til glasplatene. Med nytt bindemiddel var ein ikkje lenger nøydt til å nytte ei våt plate. Dermed kunne ein både masseprodusere og lagre bilete ved hjelp av tørre glasplater.

Kvinne med det første Kodak-kameraet
Det første Kodak-kameraet

1887 – rullefilmen og kompaktkameraet

Rullefilmen blei oppfunnen av Hannibal W. Goodwin i 1887. Goodwin forstod ikkje omfanget av oppdaginga si, så den som utnytta oppfinninga, var George Eastman og hans Kodak Company. Bokskameraet Kodak nr. 1 (1888) var det første amatørkameraet. Dette apparatet blei allemannseige fordi det var like enkelt å bruke som dei kompaktkamera vi har i dag. Men sidan det mangla søkjar, måtte fotografen berre sikte mot motivet og trykke på knappen. Slik dukka uttrykket snapshot opp.

Forsiden til magasinet The Illustraded American
The Illustrated American

1890 – fotografiet inntek massemedia

I 1881 utvikla tyskaren Georg Meisenbac ein metode for rastrering av fotografi. Slik kunne ein overføre fotografi til metallplater som blei brukte i trykkeprosessen. Det første rastrerte fotografiet blei trykt av Carl Angerer i Wien i 1885. Magasinet Illustrated American var det første massemediet som blei illustrert ved hjelp av fotografi. Dei illustrerte vekeblada blei snart svært populære blant vanlege folk.

Leica - kamra
Leica

1925 – Leica endrar fotojournalistikken

Ernst Leitz lanserte eit 35 mm-kamera med objektiv som var enkle å skifte ut. Leica-kameraet var fleksibelt på grunn av handformatet og fordi det brukte rullefilm i småbilete-format. Det lette utstyret gav fotografen høve til å komme endå tettare inn på hendingane. Kameraet var derfor med på å utvikle ein ny stil innan fotoreportasjar. Hos mange fotojournalistar blei Leica kjent som “den naturlege forlenginga av handa”.

kule som går gjennom et eple
Elektronblitsen kunne fange eit motiv i fart

1930 – elektronblitsen

Harold Edgerton fann opp elektronblitsen og stroboskopet. Lyset frå elektronblitsen oppstår når ei kondensatorutlading blir sendt gjennom eit rør med kryptongass. Stroboskopet lyser opp objektet glimtvis i tidsintervall som er nøyaktig innstilte på førehand. For første gong i fotografihistoria kunne også dei raskaste rørslene gjerast synlege.

Reklame for Kodachrome
Reklame for Kodachrome

1935 – fargefilmen

Rundt 1935 lukkast Kodak med å utvikle fargefilmen (Kodachrome). Ein kunne no ta augeblinksbilete i fargar. Året etter dukka Agfa opp på marknaden med sin Agfacolor. Begge desse var film som blei brukte i lysbilete (positivfilm). Fargenegativen dukka først opp på 50-talet

Mann med polaroidfotografi
Fotografi frå polaroidkamera.

1963 – polaroidkameraet

I 1963 presenterte Edwin H. Land i Polaroid-konsernet eit ”instant”- kamera med fargefilm. Kameraet framkalla sjølv eit fiks ferdig fotografi berre få minutt etter at fotografen hadde teke biletet. Det er framleis mogleg å få kjøpt både Polaroid-kamera og film, og i dag har Polaroid nærast kultstatus blant svært entusiastiske brukarar.

CCD-brikke
CCD-brikke

1969 – det digitale eventyret

CCD-brikka blei oppfunnen av Willard Boyle og George E. Smith som arbeidde hos AT&T Bell Labs. For dette arbeidet fekk dei Nobelprisen i fysikk i 2009. CCD betyr Charge-Coupled Device og er ei lita brikke med små kondensatorar som er vare for lys, og som kan omdanne lys til ei elektrisk lading. CC-brikkene erstatta snart den analoge filmen, og oppfinninga la såleis grunnlaget for ein ny digital tidsalder innan fotografering.

Reklame for Sony-kamera
Reklame for Sony-kamera.

1981 – Sony som digital pioner

Sony lanserte det første digitale kameraet (Sony Mavica). I realiteten var dette eit stillvideokamera. Ein liten ”diskett” i kameraet lagra bileta magnetisk på same måten som video blei lagra på tape. Bileta kunne slettast og takast om igjen, og kvar ”diskett” inneheldt 50 spor. Metoden blei aldri den store slageren, blant anna fordi biletkvaliteten ikkje var god nok.

Photoshop 1.0
Photoshop 1.0

1990–biletmanipulering og JPEG-format

Adobe Photoshop 1.0. kom på marknaden i 1990 blei det mogleg å redigere og manipulere bilete digitalt. Det elektroniske biletformatet JPEG blei opphavleg utvikla av Joint Photographic Experts Group som ein komprimeringsmetode for bilete, men viste seg å fungere godt som eit eige biletformat. Formatet blir i dag støtta av alle operativsystem. Sidan biletfilene blir veldig små, har formatet blitt ein standard for fotografiske bilete på Internett.

Digitalt spegelreflekskamera
Digitalt spegelreflekskamera

1999 – det digitale speilreflekskameraet

Nikon D1 var det første digitale speilreflekskameraet som fullt ut var utvikla av ein tradisjonell kameraprodusent. Kameraet hadde ei biletbrikke med 2.74 megapikslar. Alle store kameraprodusentar presenterte så nye modellar der talet på megapikslar, talet på bilete i sekundet, redusert ISO-støy og betre dynamikk blei brukt for å selje siste modell.

Adobe DNG converter
Adobe DNG Converter

2004 – filformatet for framtida

Det siste tiåret har stadig nye og betre digitale filformat kome til. Problemet er då at ein kan risikere at ny programvare ikkje lenger klarer å lese eldre biletfiler. Adobe utvikla derfor DNG-formatet i 2004 (Digitalt NeGativ), og også ein DNG-filkonvertar. Adobe garanterer no at det ukomprimerte filformatet DNG skal kunne brukast til langtidslagring av digitale bilete.

kvinner på undergrunnsstasjon
iPhoneography

2007 – iPhoneography

I 2007 lanserte Apple fenomenet iPhone. Mobiltelefonen hadde eit 2MP-kamera, og blei kåra til årets oppfinning av Time Magazine. I løpet av ei veke selte Apple ein million kameratelefonar. iPhoneography er ei nemning for fotografi som er tekne opp og etterbehandla i mobile einingar som iPhone og iPad. Med stadig betre kamera blei iPhoneography raskt populært under mottoet “det beste kameraet er det du har med deg”. Ein mengde app-ar, som gir ulike bileteffektar, er no tilgjengelege. Blant dei mest populære er Instagram, Hipstamatic og Snapseed.

Læringsressursar

Visualisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Illustrasjonsfotografering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Frå camera obscura til Instagram

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.