Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. VisualiseringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Visualisering

Visuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé slik at han kan produserast, må du gjere han tilgjengeleg. Du må kunne vise fram skisser, teikningar eller liknande, slik at andre kan forstå korleis du har tenkt. Samtidig hjelper visualisering deg å planleggje og sjå for deg ulike løysningar.

Kvinne drømmer om nytt kjøkken. Foto.

Visualisering betyr at du gir tankane og idéane dine ei visuell form anten gjennom teikning, modell, foto eller video, eller ved ein kombinasjon av desse. Visualiseringa er ein viktig del av produktutviklinga, og ho kan ha fleire verknadar:

  • Du vil kunne forbetre idéen din i sjølve visualiseringsprosessen
    – kanskje også få nye idéar.
  • Du vil få eit klårare bilete av korleis sjølve produksjonsprosessen kan eller må bli.
  • Kanskje må produksjonen delast opp, og du må konkretisere dei ulike delane.

Som regel er sjølve visualiseringa ein eigen prosess. Når du teiknar, startar du med skisser, gjerne heilt enkle, og så dekkjande for tankane dine som mogleg. Du kan ha som mål at designskissa etter kvart skal gi ein presentasjon av kva det heile går ut på og korleis produksjonen kan gå føre seg.

Læringsressursar

Visualisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Illustrasjonsfotografering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Frå camera obscura til Instagram

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.