Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. DesignChevronRight
  4. IdéutviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Idéutvikling

Kvar kjem ideane frå? Er det ønske om å skape noko? Mange vil seie at tanken om eit nytt produkt startar med at det oppstår eit behov. Kva eigenskapar er det vi saknar ved tilsvarande produkt i marknaden, og kven er det først og fremst som skal bruke det vi vil lage?

Illustrasjon av person med mange ideer som strømmer ut av hodet. Foto.

Kartlegging

Kven er det først og fremst som skal bruke det vi vil lage? Vi kallar dette målgruppa for produktet. Kva slags materialar skal vi lage produktet av? Og kva skal vi leggje mest vekt på i sjølve formgivinga – utsjånaden eller god funksjonalitet? Når vi vil prøve å dekkje dette behovet ved å utvikle eit produkt, gjeld det å formulere problemstillinga så presist som mogeleg

Den vanlegaste teknikken som blir nytta i startfasen av ein designprosess, etter at vi har formulert ei så presis problemstilling som mogeleg, er det vi kallar idémyldring eller brainstorming. Målet med dette er å få opp så mange idear som mogeleg, uten at ein i første omgang tek omsyn til om dei er spesielt gode eller lèt seg gjennomføre. Det var ein som heitte Alex Osborn som sette denne teknikken i system.

Idémyldring

Når vi driv idémyldring, er det viktig å sjå på prosessen som ein leik der ingen har lov til å komme med negative kommentarar. Tvert imot gjeld det å støtte alle idear som kjem. Ingen idé er for dum. Ingen idé er for vågal eller for rar. Her er det lov å ta av, og i ein god idémyldringsprosess ler vi svært mykje.

For å halde orden på ideane har mange glede av å setje dei inn i eit tankekart for å systematisere dei. Det er viktig å avslutte idémyldringsprosessen på ein tydeleg måte. For no skal vi sjå på ideane våre med eit kritisk blikk og velje dei gruppa trur best lèt seg gjennomføre for å dekkje det behovet vi har teke utgangspunkt i.

Læringsressursar

Design

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale