1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. DesignChevronRight
  4. Vern av designChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vern av design

Å utvikle ny design er ein krevande prosess. Vi har ei eiga lov som verner design. Designlova hindrar at andre kan kopiere utsjånaden til eit produkt du har laga. Men då må du først registrere retten til designet ditt.

Person med mobiltelefon.Foto.

Designlova

Noreg har ei eiga lov av 14. mars 2003 nr 15 om vern av design. Der er design definert i § 2 nr 1 som «utsjånaden til produkt eller ein del av eit produkt som særleg følgjer av dei karakteriserande trekka ved linjene, konturane, fargane, forma, strukturen eller materialen til produktet eller ornamenteringa til produktet.»

Einerett og rettsvern for design kan ein oppnå for ein tidsperiode ved registrering hos patentstyret. Registrering kan nektast blant anna av design som inneheld offentleg våpen eller teikn, statsflagg og liknande.

Kvifor registrere designet ditt?

Ei designregistrering dokumenterer retten din til eit bestemt design i eit avgrensa tidsrom, og du kan lettare hindre andre i å utnytte same design. Den kan gi deg eit viktig konkurransefortrinn fordi du får eineretten til å utnytte designet kommersielt ved blant anna produksjon, annonsering, sal, bruk og import. Ein einerett er ein av dei sterkaste føremonane du kan ha i ein konkurranseutsett marknad.

Eit nytt design er ofte basert på nye idéar og betydeleg innsats av tid og ressursar frå deg og samarbeidspartnarane dine. Desse investeringane bør vernast!

Ved å kunne dokumentere retten til eit design, har du eit godt utgangspunkt for å forhandle om finansiering av utviklingskostnader og for å inngå sals- og lisensavtalar med andre.

Kva kan designvernast?

Du kan verne:

  • Form og utsjånad på eit produkt, for eksempel utforminga av ein tannbørste, bil, telefon eller eit møbel.
  • Delar av produktet, for eksempel eit tannbørstehovud, eit stolbein, tastatur til ein telefon.
  • Utsjånaden på ikkje-fysiske gjenstandar slik som skjermbilde for web, typografiske skrifttypar og grafiske symbol. (Du kan ikkje registrere dataprogram.)
  • Eit ornament, for eksempel dekoren på eit servise eller figureringa på tekstilar og tapet.
  • Eit interiørmessig arrangement, som for eksempel eit kaféinteriør.


Tekniske løysingar kan ikkje vernast ved ei designregistrering. Om du ønskjer vern for den tekniske løysinga, må du også søkje om patentvern.

Kva krevst for å få designvern?

Designet må vere ny og skilje seg tydeleg frå tidlegare kjende design. Det betyr at eit design som ein ønskjer å få registrert, ikkje tidlegare kan vere offentleggjord innanfor EØS-området. Utanfor EØS-området må han heller ikkje vere offentleggjord overfor fagkrinsane i den relevante bransjen. Du har likevel høve til å prøve ut designet på marknaden i inntil tolv måneder før søknad blir levert inn.

I Noreg leverer du inn ein søknad om registrering av design til Patentstyret. Ei norsk designregistrering gjeld berre for Noreg.

Læringsressursar

Design

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale