Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Design

Å designe betyr å gi form til noko. Det kan vere alt frå blomsterbukettar, frisyrar og klede, til å lage bruksting, ei utstilling eller eit nytt konsept. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis noko skal sjå ut, og korleis det skal fungere.

Trerammer mot kvit bakgrunn. Foto.

Omgrepet design kjem av det italienske ordet designo som betyr "ei skisse" eller "ei teikning". Som regel startar du med å teikne skisser når du har fått ein idé om å lage eller utvikle noko. Dette er ein kreativ arbeidsprosess. Du må planleggje og jobbe systematisk fram mot eit ferdig resultat.

Du må tenkje gjennom kva ein gjenstand skal brukast til, og kven som skal bruke han. Val av form og fargar er viktig når du skal utvikle eit nytt produkt. Du bør også bruke det du kan om design når du skal presentere eller marknadsføre produktet.

Læringsressursar

Design