Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Marknadsføring og salChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføring

Som handverkar bør du kjenne marknaden du opererer i. Du må også vite korleis du kan profilere deg.

Dame viser de høye helene på skoene sine. Foto.

Å kjenne marknaden

Uansett om du vil selje produkta og tenestene dine sjølv eller gjennom andre, vil det alltid vere bra å kjenne den marknaden du opererer i. Kva er moderne akkurat no, og korleis vil trendane utvikle seg dei nærmaste åra? Desse inntrykka bør du ta vare på og systematisere, anten det er i ei såkalla ’scrapbook’ eller sirleg lagra i mapper på PC-en.

Kva fordelar har ditt produkt eller dine tenester framfor andre sine? Kva unike eigenskapar er knytte til ditt produkt eller dine tenester? Opnar det du har å tilby spesielle ustsikter for kunden? Ser du konkrete truslar i marknaden mot ditt produkt eller dine tenester? Driv du aktivt med produktutvikling for å fornye produkt eller tenester? Hugs at det er ein generell tendens til at livssyklusen til produkt og tenester blir stadig kortare.

Marknadsføring og sal

Utan eit produkt å selje eller ei teneste det er etterspørsel etter, er det vanskeleg å drive marknadsføring og sal. Her skal vi sjå nermare på korleis ein kan gjere dei riktige konkrete grepa med omsyn til praktisk marknadsføring og sal.

Logo

En logotype er et viktig og grunnleggande element i den praktiske marknadsføringa. Når det gjeld firmaet, skal den uttrykke forretningsidéen. Når det gjeld det enkelte produkt, skal den formidle gjenkjenning og invitere til kjøp.

Brosjyre

Ei brosjyre blir laga for å presentere produktet med informasjon og bilete. Format, komposisjon og layout vil ha mykje å seie for sluttproduktet.

Webside

Den bør gje ei god oversikt over innhaldet som blir presentert, og det bør vere enkelt å navigere seg fram på sida. Ein bør tenke nøye gjennom val av fargar, bilete, layout og liknande.

Utstilling

Skal du marknadsføre produkt som blir selt i ein butikk eller liknande, er utstilling ein veldig god måte å få vist fram produkta.

Dei mindre handverksbedriftene

For dei fleste mindre handverksbedriftene er det ikkje dei store annonsane som opnar marknaden. Det har vi ikkje råd til. Sats derimot på intensiv kontakt med dei kundane du får etter kvart. Følg dei gjerne opp med små spesialtilbod via e-post. Prøv å etablere eit marknadsføringsnettverk av personar og bedrifter som kan vere til gjensidig hjelp og støtte for kvarandre. Indirekte marknadsføring er ei fellesnemning på aktivitetar som kan gjere logoen og varemerket til bedrifta og produktet kjende. Sats på tillitsskapande og langsiktig relasjonsbygging. Og ikkje minst: Hald god kontakt med journalistane i dei lokale mediebedriftene. PR i form av positiv omtale der er gull verd.

Læringsressursar

Marknadsføring og sal