Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Marknadsføring og salChevronRight
  4. MarknadsundersøkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsundersøking

Det er to hovedgrunner til å foreta ei marknadsundersøking: Anten for å få kunnskap om marknaden generelt, eller for å få kunnskap om konkurrerande produkt. Uansett kva du vil produsere eller kva for nokre tenester du vil tilby, bør du vite litt om marknaden du skal tilby produktet eller tenesta i.

Forstørrelsesglass over en gruppe mennesker. Illustrasjon.

Naturligvis veit du ein god del allereie. Du er jo sjølv forbrukar, og har kanskje et relativt bevisst forhold til kva produkt og tenester du saknar eit godt tilbud om.

Behov i marknaden

Dersom du skal starte opp ei ny verksemd, er det naturlegvis først og fremst for deg sjølv du skal gjennomføre marknadsundersøkinga. Dersom du startar opp med noko som det seinare viser seg at det slett ikkje er etterspørsel etter, vil du sannsynlegvis gå konkurs i løpet av relativt kort tid. Men ei marknadsundersøking som dokumenterer eit behov i marknaden for det produktet eller dei tenestene du vil satse på, kan også vere nytt for dei du ønskjer å få med deg på finansieringssida.

Dersom du går inn i ei verksemd som har vore i drift ei tid, vil kontinuerlege marknadsundersøkingar vere noko av det viktigaste middelet til å halde oppe og utvide kundegrunnlaget. Den aller enklaste marknadsundersøkinga består rett og slett i å halde augo og øyro opne og følgje med på kundane sine reaksjonar. Same kor håplause kommentarane kan vere, er devisen ’kunden har alltid rett’ framleis gyldig. Men her skal vi sjå litt nærmare på korleis du gjennomfører ei noko meir omfattande og ikkje minst systematisk undersøking.

Fasane i ei marknadsundersøking

Vi deler ofte arbeidsfasane i ei marknadsundersøking i fem delar:

  1. Problemfasen
  2. Utformingsfasen
  3. Innsamlingsfasen
  4. Utvalsfasen
  5. Analyse- og rapporteringsfasen

Problemfasen

Problemfasen kan vere den aller viktigaste. Det er nemleg ikkje alltid like openbert korleis vi skal definere sjølve målet med undersøkinga. Grundige diskusjonar på dette punktet er viktige for å ikkje bruke mykje tid og krefter på å måle noko som seinare kanskje viser seg å ikkje vere så veldig interessant.

Utformingsfasen

I utformingsfasen bestemmer de kva type marknadsundersøking de vil gjennomføre. I utgangspunktet er det tre tilnærmingsmåtar til dette:

  1. Den utforskande, som gir respondenten høve til sjølv å gi uttrykk for kva produkt og tenester han saknar i marknaden.
  2. Den beskrivande, som presenterer dei produkt og tenester de har planlagt å lansere, med høve for respondenten til å velje mellom fleire alternativ, for eksempel når det gjeld pris.
  3. Den samanliknande, der respondenten får høve til å velje mellom ulike konkurrerande produkt og tenester.

Innsamlingsfasen

I innsamlingsfasen er det to hovudalternativ: Anten gjennom sekundærundersøkingar, det vil seie ved å gå grundig gjennom data som allereie er tilgjengelege, eller ved primærundersøkingar, som inneber at de må innhente nye data. Dette kan anten skje ved observasjon eller gjennom intervju. Intervjuet kan gjennomførast personleg, postalt, på telefon eller via Internett.

Utvalsfasen

Utvalsfasen er kanskje den fagleg mest avanserte del av marknadsundersøkinga. Same kva målgruppe de vel for produktet eller tenesta, vil de neppe kunne intervjue heile populasjonen. Det gjeld derfor å finne fram til eit representativt utval som på dei fleste viktige kriteria er identisk med målgruppa for produktet.

Analyse- og rapporteringsfasen

I analyse- og rapporteringsfasen blir data talde opp, datainnsamlinga skal beskrivast og ein vurderer kvaliteten på undersøkinga. Kvaliteten på marknadsundersøkinga avheng først og fremst av kor god problemstillinga er og kor allmenngyldig og påliteleg den er i forhold til den populasjonen de vil nå med produktet eller tenesta.

Læringsressursar

Marknadsføring og sal