Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Marknadsføring og salChevronRight
  4. ProduktfotograferingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Produktfotografering

Produktfotografering handlar om avfotografering av forskjellige typar gjenstandar. Dette er gjerne gjenstandar som skal seljast. I denne samanhengen har oppdragsgivar behov for bilete til bruk i katalogar, brosjyrar og på nett.

Fotografen sin jobb er å vise fram produktet frå si beste side på ein tydeleg og naturtru måte. Produktfotografering tilhøyrer ikkje dei mest kreative sjangrane innanfor fotograffaget, men fotografen må vere flink med lyssetjing og kunne handtere store mengder bilete raskt. Berre tenk deg mengda produkt som skal inn i katalogane til IKEA og Biltema kvart år!

Val av bakgrunn og lyssetjing

Det er viktig at produkta blir presenterte på ein delikat måte. Lyssetjing blir brukt for å framheve detaljar ved produktet som vinklar, linjer, fargar og anna. Det er ofte oppdragsgivar som bestemmer korleis produktet skal lyssetjast.

Produktfotografen arbeider gjerne saman med eit reklamebyrå som skal lage ein katalog eller ein reklamebrosjyre eller reklameavis. Val av bakgrunn og type lyssetjing er då viktig for å få ein god samanheng mellom bileta i katalogen. Du har sikkert sett ein skulekatalog der nokre elevar ikkje var med på førstegongs fotografering. Då er det viktig at fotografen har ei grundig lysskisse for å unngå at portrett teke ved fotografering for andre gong skil seg ut med ein avvikande bakgrunn, lyssetjing eller fargetone.

Ei standard lyssetjing på kvit eller lys bakgrunn blir gjord i studio på eit produktbord med gode studiolamper. Eit standardoppsett på 45 grader med underbelysning, slik eksempelbiletet viser, sikrar ei jamn, mjuk belysning der produktet blir vist fram på ein tiltalande måte utan mørke skuggar eller liknande. Oppsettet vil kunne gjentakast veke etter veke og dermed sikre at bileta blir like frå gong til gong.

Kollasj som viser oppsett for produktfotografering med blitslys i studio. Foto.
Eit vanleg oppsett for produktfotografering på bord.

Viss du ikkje har tilgang til eit studio med dyrt utstyr, kan du også ta flotte produktbilete ved bruk av naturleg lys. Eit standardoppsett for produktfotografering i naturleg lys kan vere å plassere den bakgrunnen du ønskjer å bruke ved eller i eit vindauge med indirekte lys. Som biletet viser, kan du for eksempel bruke eit kvitt A3-ark, som du teipar fast i vindaugskarmen.

Oppsett for enkel produktfotografering i naturlig lys. Foto.
Produktfotografering i naturleg lys frå vindauge.

Pass på at sollyset ikkje skin rett inn på produktet ditt. Då blir lyset veldig hardt og skuggane veldig mørke. Dette oppsettet vil kunne gi deg flotte produktbilete, men baksida av medaljen er at lyset vil variere frå time til time, dag til dag osv. På den måten blir det mykje etterarbeid med å justere lyset til ein jamn biletserie.

FordelarUlemper
Lyssetjing i studio
  • enkelt og effektivt
  • god kontroll over lyset
  • jamn belysning over tid
  • dyrt utstyr
  • utstyret krev plass
  • ... og kunnskap
Naturleg lys
  • tilgjengeleg
  • lite kostnadskrevjande
  • lite kontroll over lyset
  • vanskeleg med jamt lys over tid
  • lite lys gir lang lukkartid eller mykje ISO-støy

Utfordrande produkt

Enkelte produkt er meir utfordrande enn andre. Tenk deg at du får i oppgåve å fotografere speglar til ein interiørkatalog. Korleis skal du klare det utan å få med spegelbilete at deg sjølv og heile studioet ditt? Den same problematikken gjeld smykke og andre blanke gjenstandar som til dømes gryter, bollar og liknande. Løysinga her er å pakke produkta inn i eit lystelt som blir belyst frå utsida. Lysteltet dekkjer alle sider, tak og «golv», slik at du unngår uheldige refleksar i produktet. Fotografer produktet gjennom ei lita opning i fronten. Slike lystelt kan du kjøpe eller lage sjølv.

Produktfotografering av en blank kaffekanne i lystelt. Foto.
Blanke objekt fungerer som ein spegel og kan derfor fotograferast i lystelt for å unngå uheldige refleksar.

Produktfotografering behøver ikkje vere samlebandsproduksjon. Det finst uendelege moglegheiter til å ta kreative og unike produktbilete. Ver kreativ med oppsett, bakgrunn, underlag, lys med meir. Moglegheitene er mange, og det er berre fantasien som stoppar deg. Har du høve til det, kan lysmålingsteknikken gi veldig kreative bilete. Du treng berre eit mørkt rom, lang lukkartid og ein nysgjerrig natur!

Tre tips til gode produktfoto

  1. Lysset produktet ditt.
    Bruk studio viss du har, eller ta deg tid til å setje opp produktet ditt ved eit vindauge. Ikkje bruk direkte blits frå kamera, då dette gir både refleksjonar og harde skuggar.
  2. Kvitbalanser bileta dine.
    Ein blå termos skal vere blå, ikkje turkis eller grøn. Ein riktig kvitbalanse sikrar naturtru fargar og er ofte ikkje meir enn eit tastetrykk unna. Les meir om justering av fargar.
  3. Ver kreativ.
    Har du høve til å bruke noko anna enn kvit bakgrunn? Kvit bakgrunn er effektivt, men lite unikt. Prøv å plassere produktet i eit miljø det høyrer heime i, eller lag ein kontrast ved å bruke ein uvanleg bakgrunn.

Læringsressursar

Marknadsføring og sal