Utgangspunktet for oppgåva nedanfor er marknadsføring for di eiga tenkte bedrift. Du vel sjølv kva type bedrift du vil arbeide med, og det er viktig å velje noko du interesserer deg for. Oppgåva kan passe godt som gruppeoppgåve, og de kan lage henne tverrfagleg med for eksempel faga produksjon og norsk.

Vurdering
Innlevering og vurdering av:
- Skriftleg arbeid i del 1, 3 og 5 (med framside og innleiing til oppgåvene)
- Skisseprosess og ferdig logo
- Munnleg presentasjon
Oppgåve
- Tenkt deg at du skal starte di eiga bedrift. Skriv ned nokre stikkord rundt kva type bedrift du vil starte, og korleis du har tenkt å drive henne (butikk, nettbasert...).
- Lag ein logo for bedrifta di. Her kan du skisse og teikne for hand, eller du kan jobbe digitalt (f.eks. paint, Illustrator eller liknande program).
- Lag ein plan for korleis du vil marknadsføre bedrifta di, og lag ein type reklame/annonse som du vil nytte.
- Presenter punkta ovanfor for resten av klassa, gjerne ved å bruke ein PowerPoint. Argumenter for eigne val, med tanke på marknadsføring og sal. Be om tilbakemelding på presentasjonen din, kva seier medelevane dine til idéen din?
- Skriv ei eigenvurdering etter den munnlege presentasjonen der du tar for deg dei vala du har gjort, og der du reflekterer over dei tilbakemeldingane du har fått.
Læringsressursar
Marknadsføring og sal
Fagstoff
Marknadsføring
KjernestoffMarknadsundersøking
KjernestoffPriskalkyle
KjernestoffProduktfotografering
KjernestoffBruk av sosiale medium i marknadsføring
KjernestoffViral marknadsføring
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Sal av produkt
KjernestoffMarknadsundersøking
Kjernestoff- Kjernestoff
Marknadsføring og salDu er her
Marknadsføring og sal – oppsummering
KjernestoffKva kan du om sjølvkostkalkyle?
KjernestoffKan du bruke sjølvkostkalkyle?
KjernestoffKva kan du om bidragskalkyle?
KjernestoffKan du bruke bidragskalkyle?
Kjernestoff