Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Marknadsføring og salChevronRight
  4. MarknadsundersøkingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Marknadsundersøking

I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med kva trendar som er i marknaden. Du vel sjølv kva område i marknaden du skal undersøke, og resultata du kjem fram til skal presenterast munnleg.

To jenter gjennomfører en markedsundersøkelse. Foto.

Arbeidsform: Individuell eller gruppe

Tid: Ca. 10 skuletimar

Teori: Marknadsundersøking

Vurdering

Innlevering og vurdering av:

  • Intervjuet eller spørjeundersøkinga du laga
  • Presentasjon av resultat

Oppgåve

  1. Ta for deg eit område i marknaden som du interesserer deg for (klede, interiør, smykke, eller liknande), og lag eit intervju/ ei spørjeundersøking med minimum 5 spørsmål.
    • Målet med intervjuet/ spørjeundersøkinga er å finne ut kva folk vil ha innan det valde området ditt. Kva er trenden?
  2. Gjennomfør intervjuet/ spørjeundersøkinga. Tenk over kva målgruppe du tar for deg.
  3. Gå gjennom dei ulike svara du samla inn i del 2. Lag ein presentasjon og legg fram resultata munnleg ( oppgåve; foredrag og digitale presentasjonar).

Læringsressursar

Marknadsføring og sal