Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Råvarer, tillaging og produksjon

    Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

    Poteter, ris og pasta

    Ein riktig samansett rett må innehalde hovudråvare, grønsaksgarnityr, saus og metningsgarnityr. I Noreg er potet det mest nytta metningsgarnityret. Ris og pasta kan òg vere metningsgarnityr. Ofte kan metningsgarnityret i seg sjølv vere ein god hovudrett.

    Ris

    På verdsbasis blir ris rekna som eit av dei viktigaste kornslaga, etter mais og kveite. Det er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten 50 % av verdas befolkning. På nokre asiatiske språk er ordet for «ris» og «mat» det same.