Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Råvarer, tillaging og produksjon

    Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

    Fisk

    Fisk har alltid vore ei viktig matvare i Noreg, særleg langs kysten. Vi har både villfisk og oppdrettsfisk, og Noreg er no eit av dei landa som eksporterer mest oppdrettsfisk.

    Tillaging av fisk

    For å kunne lage nydelege retter av fisk, både til kvardags og til fest, er det viktig med riktig tillaging. Både tillagingsteknikk og riktig temperatur er avgjerande.