Restaurant- og matfag
Råvarer, tillaging og produksjon
Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.
Mjølk og meieriprodukt
Mjølk og mjølkeprodukt er ein viktig del av kosthaldet for dei fleste nordmenn. Av mjølk og meieriprodukt får vi fleire næringsstoff som kroppen vår treng kvar dag.
Mjølk som råstoff
Mjølk er ei fantastisk råvare som inneheld masse av næringsstoff som kroppen treng. Det er ikkje utan grunn at både menneske og dyr får mjølk som næring dei første leveåra.