Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Berekraftig produksjonChevronRight
  4. Avfall og miljøChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Avfall og miljø

I restaurant- og matbransjane må vi satse på å produsere mindre avfall. Det er òg viktig å sortere det avfallet vi produserer. Målet må vere at avfall som går til gjenbruk eller attvinning, kan bli ein ressurs i staden for eit problem.

Matavfall blir kasta i ein kvit pose. Foto.

Noreg har gjort ein innsats for å redusere matsvinn. I 2015 blei det inngått ein intensjonsavtale mellom ulike aktørar, der føremålet var å samarbeide om å halvere matsvinnet innan 2026.

Mange av dei vala vi gjer i kvardagen, kan ha uheldige følgjer for natur og miljø. Men det er òg mogeleg å velje ein måte å leve på som ikkje krev store ressursar, forureinar mykje eller etterlèt seg store mengder avfall.

Dette emnet gir deg kunnskap og ei betre forståing for kjeldesortering og kvifor det er så viktig å redusere mengda avfall.

Emne

Avfall og miljø

  • Kjeldesortering

    Å kjeldesortere vil seie at vi sorterer det avfallet vi forbruker. Med riktig kjeldesortering får vi gjenvunne så mykje som mogleg av avfallet.

  • Matsvinn

    Du kan enkelt minke mengda matsvinn om du har nok kunnskap om matproduksjon og råvarene du bruker.