1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Service og kommunikasjonChevronRight
  4. KommunikasjonChevronRight
  5. Verbal kommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verbal kommunikasjon

Vi kommuniserer med ord når vi pratar, når vi sender brev, når vi bruker MSN, når vi les, eller når vi pratar i telefonen. Verbal kommunikasjon kan vere både einvegskommunikasjon og tovegskommunikasjon.

Verbal kommunikasjon. Fotokollasje.

Språk kan vere svært ulike, til og med innan eitt og same land. I vårt land kan dei fleste nordmenn til dømes ikkje snakke nordsamisk. Ein som kan nordsamisk, forstår ikkje sørsamisk utan å ha lært dette språket. Somme norske dialektar kan vere vanskelege å forstå for folk som kjem frå andre delar av landet.

Språk blir påverka av kva utdanning og kva yrke du har. Dette gjer at fagspråket i enkelte yrke kan vere vanskeleg å forstå for andre. Når du er fagarbeidar og snakkar med kundar, er det alltid eit prinsipp at du skal bruke eit språk som er forståeleg for mottakaren. Du skal i tillegg forvisse deg om at den andre har forstått det du seier.

Alder påverkar også språket, og det er ikkje naturleg at ein servitør bruker det same språket når ho er på jobb på restauranten, som det ho bruker når ho er ute med venene sine. Du må vere klar over at nokre av dei orda du meiner er sjølvsagte, kan vere framande for kundane.

Ein del av kundane du kjem til å møte, kjem frå andre nasjonar og kan ikkje det norske språket godt nok til å få med seg alle opplysningane eller detaljane i ein samtale.

Å vere profesjonell

Som yrkesutøvar blir det forventa noka av språket ditt. Å banne og baksnakke andre verkar lite profesjonelt og blir på dei fleste arbeidsplassar ikkje akseptert. Du skal òg kunne faguttrykk, slik at du kan halde deg fagleg oppdatert og forstå orienteringar og opplæring som blir gitt. Du bør òg kunne argumentere for det du meiner er rett.

Utfordringar til deg:
  1. Kva er verbal kommunikasjon?
  2. Set opp ei liste med reglar for korleis du meiner ein yrkesutøvar innanfor restaurant- og matfagbransjen bør utøve verbal kommunikasjon.
  3. Lag ein tekst om kommunikasjon i restauranten. Ta utgangspunkt i biletet nedanfor.
  4. Fordjupning: Les om munnleg og skriftleg kommunikasjon i norskfaget.
Kelner serverer drikke

Læringsressursar

Kommunikasjon

SubjectEmne

Fagstoff