Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Service og kommunikasjonChevronRight
  4. KommunikasjonChevronRight
  5. Einvegs- og tovegskommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Einvegs- og tovegskommunikasjon

I ein kommunikasjonssituasjon er det nokon som sender informasjonen, og nokon som tek imot han.

Kommunikasjon. Illustrasjon.

Dersom informasjonen flyt berre den eine vegen, frå sendaren til mottakaren, seier vi at vi har med einvegskommunikasjon å gjere. Dersom det er mogeleg for mottakaren å stille spørsmål eller på andre måtar sende informasjon tilbake, seier vi at vi har tovegskommunikasjon.

Einvegskommunikasjon

I situasjonar med einvegskommunikasjon har vi ein aktiv sendar og ein passiv mottakar. Fordelen med einvegskommunikasjon er at informasjonen raskt kan nå ut til mange utan å bli avbroten. Den største ulempa er at mottakaren ikkje kan spørje om ting han lurer på. Det kan føre til at bodskapet ikkje blir forstått.

Einvegskommunikasjon skjer gjennom aviser, tv, video, taler og kommandoar. Tidlegare var aviser og tv berre einvegskommunikasjon. I dag ser vi at nettaviser i større grad lar lesarane stille spørsmål og kommentere, og i mange tv-program kan du og eg ringe inn eller sende meldingar som kjem på skjermen.

Einvegskommunikasjon. Figur.

Tovegskommunikasjon

Det som kjenneteiknar tovegskommunikasjon, er ein aktiv sendar og ein aktiv mottakar. I tovegskommunikasjon vekslar deltakarane på rollene som sendar og mottakar. Fordelen med tovegskommunikasjon er at det er mogeleg å oppklare mistydingar og kome fram til ei felles forståing.

Når du som fagarbeidar ønskjer tovegskommunikasjon, bør du syte for å

  • gi rom for tilbakemeldingar
  • ta omsyn til kva du og mottakaren forventar av situasjonen
  • skape ei felles forståing for situasjonen
  • vere merksam på både verbalt og ikkje-verbalt språk
Tovegskommunikasjon. Figur.

Utfordringar til deg:

  1. Tenk deg ein situasjon der du sjølv er sendar – til dømes på eit kjøkken der de skal planleggje til eit stort selskap. Du er leiar. Korleis kan du syte for at det blir tovegskommunikasjon om til dømes fordeling av arbeidsoppgåver?
  2. Lag ei oversikt som viser fordelar og ulemper med einvegs- og tovegskommunikasjon.
  3. Kvifor kan det oppstå mistydingar også i tovegskommunikasjon?

Læringsressursar

Kommunikasjon

SubjectEmne

Fagstoff