1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Service og kommunikasjonChevronRight
  4. KommunikasjonChevronRight
  5. KommunikasjonsprosessenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonsprosessen

Du som skal jobbe i restaurant- og matfagbransjen, kjem til å treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag. Måten du kommuniserer på, er viktig for at du og kollegaane dine skal kunne dele tankar, kjensler og meningar med kvarandre, og med gjester.

Tovegs kommunikasjon. Illustrasjon.

Når noko blir gjort i fellesskap, blir det tilgjengeleg for alle som er involverte i situasjonen. Vi har likevel ingen garanti for at det som blir gjort tilgjengeleg, blir oppfatta likt av alle.

Kjenneteikn ved sendaren

Sendaren er den som formidlar bodskapen, den som vil gjere noko felles. Det ser ut til at nokon eigenskapar ved sendaren av bodskapen gjer bodskapen meir truverdig. Vi høyrer meir på ein person vi ser opp til – ein modell vi ønskjer å likne – enn på ein vi mislikar eller tek avstand frå. Det er òg ein tendens til at vi høyrer meir på personar som liknar på oss sjølve, enn på personar vi ikkje greier å identifisere oss med. God kommunikasjon blir fremja dersom sendaren er bevisst på korleis han best kan få fram bodskapen. Derfor må du som fagarbeidar ha kunnskap om korleis du kan bli ein best mogeleg sendar i ein kommunikasjonssituasjon.

Kjenneteikn ved bodskapen

Bodskapen er det vi ønskjer å formidle. Det kan vere krevjande å kommunisere slik at bodskapen blir oppfatta rett. Som fagarbeidar bør du ta deg tid til å kontrollere at viktige bodskap er oppfatta på rett måte.

Kjenneteikn ved mottakar

Psykologar meiner at vi menneske har ein viss innverknad på kva for bodskap vi tek inn, og kva vi ikkje vil la oss påverke av. Fire forhold som ser ut til å vere viktige for kva vi lar oss påverke av, er

  • evne til å tenkje positivt om andre menneske, i dette tilfellet sendaren av bodskapen
  • motstand mot å bli overtalt
  • sjølvoppfatning
  • persepsjon

Som fagarbeidar er du i enkelte situasjonar sendar og i andre situasjonar mottakar. Det er viktig at du er merksam på desse fire punkta når du er mottakaren i kommunikasjonen.

Kva er persepsjon?

Persepsjon er måten vi tek imot og tolkar signal på som sansane våre tek imot.

Vi ser på eit døme:
To personar ser den same hunden. Den eine personen er glad i hundar, og synest ho ser ein snill hund. Den andre er redd for hundar og synest hunden ser farleg ut. Dei to personane ser akkurat det same, men dei oppfattar det ulikt. Det kjem av måten dei tolkar det dei ser på. Persepsjonen er påverka av tidlegare erfaringar og læring.

Støy

I kommunikasjonssamanheng er støy ei fellesnemning på alt som gjer at bodskapen ikkje blir oppfatta slik det var meint. Det kan vere støy frå maskiner eller andre menneske, men òg det at sendaren pratar utydeleg eller for lågt.

Kommunikasjonsmedium

Når bodskapen skal sendast til mottakar, må sendaren avgjere i kva form han skal gjere det. Han kan prate med folk, sende eit brev, teikne, vise ein film, bruke MSN eller sende ein SMS – eller velje noko heilt anna. Måten bodskapen blir sendt på, kallar vi kommunikasjonsmedium. Han kan òg velje kroppsspråket sitt som eit kommunikasjonsmedium.

Utfordringar til deg:

  1. Teikn ein kommunikasjonsmodell.
  2. Kven er sendar og mottakar, og kva er bodskapen? Diskuter kva som kjenneteiknar ein sendar som er god til å formidle bodskapen sin.
  3. Kva er støy i denne samanhengen?
  4. Kva er eit kommunikasjonsmedium?
  5. Kva måtar å kommunisere på ser du på teikninga nedanfor?
    Kjem du på andre måtar å kommunisere på?
  6. Les om Kommunikativ kompetanse på norsksidene –
Måtar å kommunisere på. Teikning.

Læringsressursar

Kommunikasjon

SubjectEmne

Fagstoff