1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Arbeidsmiljølova (AML)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeidsmiljølova (AML)

Arbeidsmiljølova (AML) er lova som regulerer arbeidslivet slik at det å utføre eit arbeid er så trygt og lite helseskadeleg som mogleg. Noreg har ein lang tradisjon på arbeidarvern. Arbeidsmiljøet skal, i følgje føremålet til lova, og gi grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfull arbeidssituasjon.

Bøker med arbeidsmiljøloven. Foto.

I kapittel 2 i lova stiller ein krav til både arbeidsgjevar og arbeidstakar for å nå dette målet. Arbeidsgjever har hovudansvaret for å sikre at arbeidstakeren si sikring, helse og velferd vert teken vare på i heile verksemda, gjennom å organisere, leggje til rette og følgje opp arbeidet.

Arbeidstakaren pliktar å melde frå om problem og medverke til endring. Denne medverknaden til endring inneber mellom anna respekt for eventuelle sikringsstiltak og rutinar, bruk av verneutstyr og verktøy, kvilereglar, osv.. Lovteksten er detaljert og grundig, og regulerer ulike tilhøve i arbeidslivet når det gjeld kva som er lov. Lova har ein del unntak frå det som er pålagt, mellom anna når det gjeld fiske og fangst. Se lenkja for Lovdata og Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljøet utgjer både fysiske, kjemiske og psykososiale faktorar. Figuren «Arbeidsmiljøsirkelen» gir ei skjematisk framstilling av dei mange faktorane som beskriv og påverkar arbeidsmiljøet

bilete av arbeidsmiljøsirkelen
Arbeidsmiljøsirkelen

Læringsressursar

HMS