Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Arbeidsmiljøet i restaurant- og matfagbransjenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeidsmiljøet i restaurant- og matfagbransjen

Arbeidsmiljølova krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg med omsyn til faktorar som kan innverke på den fysiske og psykiske helsa og velferda til arbeidstakarane (AML §4-1). Bedrifta har ansvar for å ivareta det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet.

En kokk og en servitør jobber i en restaurant. Foto.

Det fysiske arbeidsmiljøet

Fysiske arbeidsmiljøfaktorar er støy, arbeidslokale, arbeidsbord, tunge løft, luftforureining, etsande væsker, belysning, arbeidsreiskap og verktøy, glatte golv.

Klimatiske arbeidsmiljøbelastningar og forureina arbeidsmiljø er eit problem som først og fremst gjer seg gjeldande i industrien. Ei undersøking viser at meir enn av to av fem industriarbeidarar opplever ei klimatisk arbeidsmiljøbelastning, og to av fem er utsette for forureina arbeidsmiljø. Saman med transport følgjer hotell- og restaurant eit stykke etter når det gjeld klimatiske arbeidsmiljøbelastningar (litt fleire enn ein av fire) og når det gjeld eit forureina arbeidsmiljø, ligg hotell- og restaurant saman med sjukepleie (litt færre enn ein av fem). For dei andre yrkesgruppene er desse problema relativt små.

Arbeidsplassen

Halvparten av alle hotell- og restauranttilsette har problem med innemiljøet sjølv om dette er blitt betydeleg betra etter innføringa av ”røykjelova”. Ergonomiske belastningar er utbreidde i alle yrkesgrupper (mellom åtte av ti og ni av ti).

Ein god og formålstenleg arbeidsplass har tilstrekkeleg med lys og luft og godt arbeidslys i rett avstand og riktig innstilt, lys på staden der arbeidet blir utført (f. eks. arbeidsbenken) utan at den som arbeider der får lyset rett i augo. Arbeidsbordet skal ha rett høgd og ei overflate tilpassa det arbeidet som skal utførast der.

Utstyr som stadig skal brukast, må vere plassert lett tilgjengeleg og slik at dei tunge løfta blir reduserte mest mogeleg. Glatte golv er farlege. Golva må vere slik at dei er lette å halde reine, samtidig som faren for å skli er minst mogeleg. Ein ryddig og oversiktleg arbeidsplass er med på å sikre eit godt arbeidsmiljø og gode resultat. Ein uoversiktleg og uryddig arbeidsplass fører til mykje bortkasta tid og kan resultere i arbeidsskadar.

Unngå søl

Flasker og andre behaldarar skal haldast forsvarleg korka/lukka, og brannfarlege væsker skal oppbevarast og setjast tilbake i dertil innretta skap. Brannfarleg avfall skal straks kastast i brannsikre behaldarar. Ver spesielt merksam på faren ved gryter med varm olje og også faren ved søl av olje med vanleg temperatur på eit glatt golv.

Arbeidsreiskap og verktøy

Arbeidsreiskap og verktøy som skal brukast i arbeidet må ha ein forsvarleg kvalitet og haldast i god stand. Det må også ha ein formålstenleg og fornuftig oppbevaringsplass slik at det kan hentast fram utan fare for skade. Spesielt gjeld dette sjølvsagt skarpe og spisse gjenstandar. Knivar skal være tilpassa bruken og haldast skarpe for å sikre eit godt arbeid og redusert belastning.

Kunnskap om verktøyet

Det er viktig at alle har god kjennskap til verktøyet og bruk og vedlikehald av det. Det gjeld sjølvsagt også maskinar som blir brukte i produksjonen. Ingen må betene maskinar som dei ikkje har fått opplæring på.

God orden

Ein god regel er at alle ting har sin faste plass og at like ting blir lagra samla. Etter bruk skal utstyr, verktøy og maskinar reingjerast og leggjast på plass. Skada verktøy som må reparerast, skal leggjast/sendast til reparasjon straks eller erstattast snarast mogeleg. Arbeidsbord og -benker skal haldast reine og ryddige. Den enkelte har ansvar for å halde arbeidsplassen sin rein og ryddig.

Det psykososiale arbeidsmiljøet
bilde av psykososialt arbeidsmiljø

Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar er tilrettelegging og leiing, informasjon, opplæring, kontakt med andre, variasjon i arbeidet, at det er mogeleg med utvikling, innverknad, tidspress og stress, arbeidstidsordningar.

Felles for alle bedrifter er at når vi jobbar saman med nokon vi trivst med, opplever vi at jobben er god, og at arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med arbeidskameratar eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg. Arbeidsplassen kan bli helsebelastande og føre til sjukdom og skadar, låg effektivitet og misfornøgde kundar. Alle må derfor medverke til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen.

Ein triveleg arbeidsplass er kjenneteikna også ved at konfliktar, anten dei er mellom tilsette eller med leiar, blir løyste mens dei er små. Kort sagt kan vi seie at dårlege kollegaer og leiarar er ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremjer god helse. Det er ikkje mogeleg å oppnå eit godt HMS-nivå utan å skape ein triveleg arbeidsplass.

Å jobbe systematisk med HMS krev ein del ressursar, men det gir også utteljing. NHO har utarbeidd eit praktisk arbeidshefte som gir bedrifta god oversikt og dokumentasjon over HMS-arbeidet. Heftet heiter Helse og miljø er god butikk og kan lastast ned her. NHO Reiseliv har laga eit enkelt arbeidshefte (Internkontroll-handbok) som passar for små og store reiselivsbedrifter. Rettleiinga til arbeidsheftet gir nærmare orientering om framgangsmåten. I tillegg finst det mange ulike sjekklister som kan tilpassast bedrifta.

Oppgaver
  1. Korleis vil du beskrive ein god og trygg arbeidsplass.
  2. Ein ny maskin skal takast i bruk i bedrifta di. Kva bør ei risikovurdering omfatte?
  3. Du finn noko du trur er feil i eit sikkerheitsdatablad. Kva gjer du?
  4. Beskriv slutten på ein arbeidsdag i det faget du ønskjer å satse på.
  5. Lag ei skisse av det du ønskjer skal bli din arbeidsplass, med plass for råvarer og reiskap. Skriv på teikninga kva du vil oppbevare kvar og korleis det skal oppbevarast.

Lenker som kan være nyttige

NHO reiseliv verktøykasse

NHO reiseliv Trygg drift

Læringsressursar

HMS