Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Faresymbol på kjemiske stoff og stoffblandingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Faresymbol på kjemiske stoff og stoffblandingar

Alle farlege kjemiske stoff og stoffblandingar skal merkjast på riktig måte. Dei skal også emballerast på ein forsvarleg måte. Du som arbeidstakar må kunne faresymbola, slik at du kan reagere raskt ved hendingar. Du må også kunne desse for å bruke riktig verneutstyr.

Fotokollasje for felles HMS ressurs. Foto.

Reglar

  • Alle kjemikaliar og stoff skal merkjast.
  • Nesten tomme flasker med kjemikaliar skal aldri hellast over på nøytrale flasker.
  • Du må lære deg faresymbola for å vite korleis du skal verne deg sjølv og omgivnadene.
  • Det er arbeidsgivaren din som har ansvaret for at du får den opplæringa du treng.
  • Det er arbeidsgivaren din som har ansvaret for å ha gode rutinar for eit godt og synleg stoffkartotek.
  • Du skal få opplæring i riktig førstehjelp om uhellet er ute.
  • Hugs at du må informere om skadar og uhell.

Gamle og nye faresymbol

Faresymbol, giftmerke. Illustrasjon.

Frå og med 2017 skal alle kjemikaliar vere merkte med dei nye faresymbola som er raud kant rundt.

Faresymbol, giftmerke. Illustrasjon.

Dei gamle er gule med svart kant. I ein overgang til alle kjemikaliar har fått nye merke må du vite at desse tyder det same.


Greier du å lære symbola?

Vedlagt finn du plakaten "Faresymbol til merking" frå Miljødirektoratet med følgande tekst:

Alle farlige kjemikalier skal være tydelig merket med faresymbol (farepiktogram), i tillegg til fare- og sikkerhetsinformasjon på
norsk. Merkingen informerer om skader som kan oppstå ved bruk. Fram til 1. juni 2015 gjelder to merkesystemer parallelt.
På sikt skal den nye merkingen gjelde i hele verden.

Faresymbol til merking på miljodirektoratet.no (pdf).

Test deg sjølv

I denne oppgåva skal du dra teksten med åtvaring til rett bilete

I denne oppgaven skal du klikke på symbolet som hører sammen med advarselsteksten

Læringsressursar

HMS