Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Personleg verneutstyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personleg verneutstyr

For å verne om liv og helse til arbeidstakarane er det viktig at personleg verneutstyr alltid blir brukt når det ligg føre risiko for farlege påverknader.

Arbeidsgivar sitt ansvar

Arbeidsgivar skal sørgje for at personleg verneutstyr som blir brukt på arbeidsplassen, alltid gir eit fullt forsvarleg vern mot den aktuelle risikoen arbeidstakar er utsett for.

Arbeidsgivar skal elles særleg sjå til at personleg verneutstyr:

  • ikkje medfører auka risiko ved bruk og passar eller kan tilpassast arbeidstakar
  • er tilpassa dei aktuelle arbeidsforholda
  • er CE-merkt (ein dokumentasjon på at produktet oppfyller grunnleggjande krav til tryggleik)

Arbeidsgivar skal før personleg verneutstyr blir teke i bruk:

  • informere arbeidstakar om kva farar det personlege verneutstyret vernar mot
  • sørgje for at arbeidstakar får forståeleg informasjon og naudsynt opplæring i bruk av det personlege verneutstyret

Arbeidstakar sitt ansvar

Arbeidstakar skal sørgje for at riktig verneutstyr alltid er på.

Person med munnbind, helsefrakk og hårnett tar på seg engangshansker. foto.
Verneutstyr i helsevesenet

Risikovurdering

For alt arbeid som blir utført, skal arbeidsgivar vudere om det ligg føre fare for arbeidstakarane sitt liv og helse.

Arbeidsgivar kan aldri tillate at det ikkje blir brukt verneutstyr så lenge det er ein risiko for skade. Dette gjeld sjølv om arbeidstakar har spesielle helsemessige forhold som gjer bruk av verneutstyr vanskeleg. I slike tilfelle skal moglege tilretteleggingstiltak vurderast.

Opplæring og informasjon

Riktig bruk og behandling av det personlege verneutstyret minskar faren for at verneeffekten av utstyret blir svekt, og dermed også skadar på liv og helse hos arbeidstakaren. Der det er naudsynt, bør arbeidsplassen vere merkt med skilting som oppgir bruk av verneutstyr.

Opplæring og informasjon bør også omfatte moglege forholdsreglar arbeidstakar skal ta dersom det personlege verneutstyret under bruk blir øydelagt eller får nedsett verneeffekt.

Brukarinformasjon frå produsenten skal vere lett tilgjengeleg for arbeidstakar.

Video om HMS og verneutstyr

Læringsressursar

HMS