1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Ergonomi og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Ergonomi og helse

Ergonomi og helse Restaurant- og matfag leier fram til praktiske yrke som stiller store krav til deg som yrkesutøvar, også reint kroppsleg. Du skal kutte og skjere, løfte og bere, mye og tungt. Mest sannsynleg skal du også handtere reiskapar og maskinar som lett kan skade deg ved feil bruk. Du skal tole stress og høgt tempo, og yte maksimalt i mange år. Sjølv om det du gjer er kjekt, og du likar jobben din godt, kan arbeidet slite unødig på deg i lengda. Ulike teknikkar og gode arbeidsvaner kan hjelpe til å unngå slitasje, skade og sjukdom, og det er greitt å vere merksam på dette i starten av utdanninga og yrkeskarrieren din. Arbeidslivet er regulert gjennom lover og forskrifter for å trygge og sikre deg som arbeidstakar. Det er lettare å førebyggje enn å reparere allereie oppståtte skader. Førebygging er også gunstig for bedrifta, ikkje minst økonomisk. Det er kanskje vanskeleg og framand for deg - her og nå - å tenkje på å førebyggje noko som ligg langt fram i tida, men vi anbefaler deg å prøve det ut. Arbeidsmiljølova (AML) Arbeidsmiljølova (AML) er lova som regulerer arbeidslivet slik at det å utføre eit arbeid er så trygt og lite helseskadeleg som muleg. Norge har ein lang tradisjon på arbeidarvern. Arbeidsmiljøet skal, i følgje formålet til lova, også gi grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfull arbeidssituasjon. I kapittel 2 i lova blir det stilt krav til både arbeidsgjevar og arbeidstakar for å nå dette målet. Arbeidsgjevar har hovudansvaret for å sikre at arbeidstakaren sin tryggleik, helse og velferd blir ivareteke på alle plan i verksemda, gjennom å organisere, leggje til rette og følgje opp arbeidet.Arbeidsmiljøet består av både fysiske, kjemiske og psykososiale faktorar. Figuren «Arbeidsmiljøsirkelen» gir ei skjematisk framstilling av dei mange faktorane som beskriv og påverkar arbeidsmiljøet Ergonomi: Ergonomi er det tverrfaglege kunnskapsfeltet som handlar om korleis vi best muleg kan tilpasse arbeidsmiljø og arbeidsteknikkar til mennesket, i forhold til dei mulegheiter, behov og avgrensingar som arbeidsplassen og arbeidstakaren har. Vi skal gå inn på nokre av dei fysiske utfordringane vi møter i arbeidslivet, og korleis desse kan handterast (AML § 4-4). Riktig bruk og belastning av kroppen er sunt, og rørsle er nødvendig for å ta vare på kroppen. Målet er å unngå eller redusere feilbelastningar og stadig gjentekne rørsler (statiske rørsler). Tungt og einsformig arbeid, belastande arbeidsstillingar, høgt tempo og stadig tidspress er spesielt uheldig. Utset vi kroppen for slik langvarig og einsformig belastning, kan det oppstå belastningslidingar. Dette er som oftast varige smerter i musklar og skjelett, i det vi kallar rørsleapparatet. Arbeidsplassen skal i følgje AML tilpassast slik at kvar enkelt arbeidstakar skal kunne ha naturlege og hensiktsmessige arbeidsstillingar og rørsler. I tillegg skal det leggjast opp til variasjon i arbeidet. Utstyr skal kunne regulerast slik at det kan bli tilpassa den enkelte, og hensiktsmessige hjelpemiddel skal vere tilgjengeleg. Det skal gis opplæring i riktige arbeidsteknikkar, bruk av hjelpemiddel og informasjon om risikofaktorar forbunde med arbeidet. Dårlege ergonomiske forhold er ei av de største årsakene til sjukdom og fråvær. Ved å jobbe på ein ergonomisk riktig måte kan du førebyggje slike belastningslidingar. Ergonomisk riktig blir det når vi utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kroppen sin naturlege funksjon og rørsle, og tar omsyn til dei fysiske lovane i naturen. Beina er som regel sterkare enn ryggen, jobb derfor nærmast muleg kroppen og utnytt tyngdelova. Variasjon er viktig. Løft Bering Belastande arbeidsstillingar Fastlåste og/eller lite føremålstenlege arbeidsstillingar Mye ståande og gåande arbeid Einsformig gjentakingsarbeid Generelle fysiske krav til arbeidsplassen Stress Arbeidstilsynet HMS – helse, miljø og sikkerheit Bedriftshelsetenesta Det er arbeidstilsynet som har ansvaret for kontroll og rettleiing av arbeidsmiljø, HMS Helse Miljø og sikkerheit. Nokre bransjar har et meir risikofylt arbeidsmiljø enn andre, med større sjangsar for sjukdommar skaae og psykiske belastningar. Desse er pålagde å knytte til seg godkjent bedriftshelseteneste

Læringsressursar

HMS