Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
  5. HovudskadeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hovudskade

Ved mistanke om hovudskadar er det viktig å få den skadde til å halde seg i ro. Forlat ikkje pasienten aleine før du har avklart om han treng legetilsyn.

Stort kutt over øyenbryn. foto.

Kva symptom og plager er normale?

Mannlig pasient i sykeseng. Foto.
Etter ei kraftig hjerneristing er det vanleg at den skadde blir lagt inn på sjukehus til observasjon og undersøkingar. Som regel varar eit slikt sjukehusopphald berre eitt døgn.

Ein lett hovudskade kan gi følgjande lette og forbigåande plager:

  • moderat hovudpine
  • kvalme
  • svimring/ustøleik
  • nedsett minne
  • dårleg konsentrasjonsevne

Desse plagene, og spesielt hovudpine, er vanlege dei første dagane etter skaden. Vanlegvis forsvinn dei av seg sjølve, men nokre pasientar kan ha slike plager i fleire veker eller månader.

Førstehjelp

  1. Få den skadde til å setje seg eller leggje seg ned.
  2. Sjekk medvitsnivået.
    • Er den skadde vaken og reagerer normalt på deg? Dersom ja, er den skadde ved fullt medvit?
    • Reagerer den skadde på stemma di, svarar på enkle spørsmål og utfører enkle kommandoar?
    • Reagerer den skadde på smerte?
    • Den skadde reagerer ikkje i det heile. Vedkommande er medvitslaus. Gjer deg klar til å starte gjenoppliving om nødvendig.
  3. Behandle eventuelle andre skadar.
  4. Ring 113 dersom den skadde ikkje kjem seg heilt i løpet av kort tid, eller dersom
    • tilstanden forverrar seg
    • det føreligg andre alvorlege skadar
  5. Hald deg ved den skadde.
  6. Når den skadde har kome seg, sørg for at ein påliteleg person er saman med den skadde i nokre timar.
  7. Søk medisinsk hjelp.
    • Tilrå den skadde å søkje medisinsk hjelp dersom han/ho seinare blir plaga med vedvarande hovudpine, kvalme og brekningar, synsforstyrringar eller overdriven trøttleik.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter