1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
  5. ForgiftingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forgiftingar

Mange stoff kan føre til forgifting. Riktig førstehjelp vil variere frå stoff til stoff. Er du i tvil om kva som er riktig førstehjelp, kan du ringje 113 eller ta kontakt med giftinformsjonen, som har døgnopen.

En fluesopp i gresset. Foto.

Forgiftingar kan komme av kjemikaliar, gassar, matvarer, planter, medisinar med meir. Tilsette i servicebedrifter må vere førebudde på å kunne gi førstehjelp ved ulike typar forgiftingar.

Årsaker til forgifting

Eit breitt spekter av stoff og produkt kan føre til forgiftingsfare, og kvart enkelt forgiftingstilfelle er unikt. Døme på stoff som kan gi forgifting:

  • legemiddel som er kjøpte i inn- og utland, på resept og utan resept, på apotek, via Internett, legalt eller illegalt
  • naturlegemiddel, kosttilskot og slankemiddel
  • kjemikaliar og teknisk-kjemiske produkt, gassar og brannrøyk
  • planter, sopp, dyr og insekt
  • rusmiddel

Forgiftingar kan føre til alt frå mildt ubehag til i ytste konsekvens død. Somme symptom viser seg straks, medan andre kjem til syne først etter dagar, veker eller månader. Som tilsette i servicebedrifter er det i tilfelle der symptoma kjem raskt, vi kan bidra med noko.

Forgiftingar forekjem ved:

  • svelging
  • innanding
  • gjennom huden
Medisindosett. Foto.
Medisinar som blir brukte feil, kan føre til forgiftingar.

Førstehjelp ved forgifting

Dersom personen er uvel, utan at det er noka god forklaring på kvifor: Snakk med pasienten. Spør om han/ho har ete eller drukke noko nyleg, og om vedkommande er allergisk. Dersom det dreier seg om eit barn, sjå etter tomemballasje eller andre teikn på at pasienten kan ha fått i seg noko giftig.

Ein bør prøve å få pasienten til å kaste opp for å få ut eventuelle restar av giftstoff. Unntaket er dersom pasienten har fått i seg noko etsande. I så fall er medisinsk kol eller koltablettar det beste å bruke.

OBS!

Dersom ein person har fått i seg eit etsande stoff, må vi ikkje få pasienten til å kaste opp! Då vil stoffet etse på nytt.

Husk

  • Giftinformasjonen gir råd ved forgiftingar og forgiftingsfare.
  • Telefon: 22 59 13 00 (døgnopen)
Advarselsetiketter for kjemikalier og syre.. Foto.
Åtvaringsetikettar for kjemikaliar og syre.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter