Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Blødingar

Store blødingar som ikkje blir stansa med ein gong, kan føre til ein livstruande tilstand for pasienten. Her skal vi sjå på korleis blødingar kan stansast.

Demonstrasjon av å legge trykkbandasje på blødende sår. foto.
1. Trykk direkte på såret. 2. Legg på ein kompress, deretter ein hard gjenstand over såret. 3. Legg ein trykkbandasje rundt.

Ytre bløding

Mistar ein person mykje blod, må blødinga stansast med ein gong. Med stort væsketap og kanskje store smerter som gir utvida blodårer, akselererer sirkulasjonssvikten, og situasjonen kan raskt bli livstruande. Med ein effektiv trykkbandasje kan du stanse blødinga.

Ein trykkbandasje kan til dømes vere eit tøystykke som du legg over såret med ein hard gjenstand (ein stein, ei klokke e.l.) oppå. Så lagar du ein knute som du strammar oppå den harde gjenstanden, som du i sin tur pressar ned mot såret. Hald den blødande staden høgare enn hjartet. Slik gir du god førstehjelp på staden.

Indre bløding

Kraftige støytar eller slag kan lett føre til skadar på milt, lever eller andre vitale indre organ.

Teikn på indre bløding:

  • Bleik, kald og klam hud. Ved alvorleg blodtap blir blodet i huda automatisk henta inn til meir sentrale delar av kroppen for å sikre blodtilførselen til livsviktige organ. Då mistar huda farge og blir kald, og den skadde kan begynne å kaldsveitte.
  • Smerter i magen. Det er eit typisk teikn,
  • Kort pust. Indre blødingar påverkar pusterefleksen, og personen blir kortpusta.

Ring 113 straks ved mistanke om indre bløding!

Det er svært lite ein som førstehjelpar kan gjere med indre blødingar, men det er viktig å sørgje for at pasienten held kroppstemperaturen ved like. Skjerm pasienten mot vêr og vind. Prøv å unngå at pasienten blir våt, da det fører til raskare nedkjøling. Sjølv på ein vanleg sommardag kan pasienten bli nedkjølt dersom ein ikkje pakkar han/henne inn med klede, teppe eller liknande. Hugs at det er viktig å skjerme mot nedkjøling også frå bakken.

Snakk roande til pasienten for å halde pulsen hans/hennar så låg som mogleg.

Hugs

Blødingane kan vere:

  • små og ufarlege eller store og livstruande
  • indre eller ytre blødingar
  • pulsåreblødingar eller veneblødingar

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter