Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
  5. SideleieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sideleie

Medvitslause personar som pustar sjølve, skal du leggje i sideleie for å sikre frie luftvegar. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast i ca. eitt minutt før du legg personen i sideleie.

Mann ligg på rygg og legges i stabilt sideleie. Illustrasjon.

Det same gjeld personar som står i fare for å miste medvitet, eller som treng å liggje støtt mens dei ventar på hjelp. Føremålet med å leggje pasienten i sideleie er å sørgje for at luftvegane er frie. Skadde eller sjuke menneske kan av ulike årsaker kaste opp. Dersom dei ligg på ryggen, kan dei få mageinnhaldet ned i luftvegane. Dei kan då i verste fall bli kvelte.

For å leggje ein person i sideleie må du:

  • Leggje personen på ryggen og setje deg på huk ved personen si høgre side.
  • Leggje personen sin venstre arm på brystet hans og den høgre armen ut til sida.
  • Lage ein 90 graders vinkel i det høgre olbogeleddet til personen.
  • Trekkje det venstre beinet til personen opp slik at han har ein bøyg i kneleddet.
  • Ta tak i personen si venstre skulder og venstre kne og rulle han over på sida mot deg.
  • Kontrollere stabiliteten. Juster eventuelt armar og bein slik at personen ligg mest mogeleg stabilt.
  • Syte for at pasienten har fri luftveg ved å trekkje hovudet til pasienten bakover.
  • Leggje personen si venstre hand under hovudet for å støtte hovudet, og sjekke at personen held fram med å puste.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter