Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skadestaden

Med skadestad meiner vi staden der det har oppstått ein skade, ein akutt sjukdom, ein brann eller liknande. Det kan vere på idrettsbanen, på vegen, på badestranda, heime, på jobben, i butikken og så vidare.

En dame ringer mens hun holder hånden på skulderen til en skadet person som sitter på bakken. Foto.
Først til skadestaden? Ta leiinga!

Kva er ein skadestad?

Mange tenkjer på bilulykker, brannar og liknande når dei høyrer ordet "skadestad". Men dersom ein handverkar plutseleg fell om på golvet inne på kjøpesenteret, så er også det ein skadestad, det vil seie ein stad der det har oppstått akutt sjukdom, skade, ulykke eller brann.

Opptreden på skadestaden

1. Ta leiinga

Den første personen som kjem til skadestaden, må ta leiinga. Det er viktig å leie og halde oversikt fram til det kjem kvalifisert personell til staden. Forsøk å opptre roleg.

2. Sikre skadestaden

Førstehjelparen får ikkje hjelpt nokon hvis han/ho sjølv blir skadd. Sjå etter årsaker til skaden, til dømes lause straumleidningar, maskiner som går, gassbehaldarar som slepper ut gass, eller andre openberre årsaker. Å sikre skadestaden kan til dømes vere å setje opp varseltrekant og sperreband, skru igjen gassbehaldarar eller slå av straumen.

3. Få oversikt

Kor mange er skadde? Kva slags skadar er det snakk om? Dersom du ikkje er i tvil om at det er behov for lege, tilkall lege umiddelbart på 113.

Undersøk pasienten: Sjå på → Snakk med → Ta på

Vurder graden av skaden, og medvitet. Førebu tiltak ved å følgje grunnprinsippa til førstehjelparen.

Refleksvest på kleshenger ute, med bil i bakgrunnen. foto.
Refleksvestar er viktige for din eigen tryggleik ved til dømes trafikkulykker.

4. Prioriter

Dersom det er fleire skadde, må du gjere ei prioritering med tanke på kven du skal hjelpe først, og korleis. AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral 113) kan hjelpe deg med dette når du har kontakt med dei.

113 AMK

Er det behov for noka som helst form for medisinsk nødhjelp, ring 113, så kan dei bidra med råd, rettleiing og prioritering og hjelpe til med vidare innsats. Dei sender også hjelp om det trengst. Du kan bruke kva telefon som helst, du er ikkje avhengig av kode til tastelås, kort eller pengar.

Snakk roleg og tydeleg, ver fokusert på situasjonen, og hald kjensler utanfor samtalen. Samtalen bør innehalde:

  • KVEN? Namn, adresse, telefonnummer.
  • KVA? Kva er situasjonen? Kor mange er skadde, og kva slags skadar har dei?
  • KVAR? Forklar så nøyaktig som mogleg kvar skadestaden er.
  • Stadfesting: Prøv å få stadfesta meldinga di, slik at det ikkje oppstår misforståingar.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter