1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
  5. Emosjonell førstehjelpChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emosjonell førstehjelp

Menneske som er utsette for ei ulykke og skadde, vil som regel trenge trøyst og hjelp i tillegg til den livreddande førstehjelpa. Tryggleikskjensle kan verke positivt på helsetilstanden til pasienten.

Eksplosjon i Regjeringskvartalet. Foto.

Redsle og angst

Med emosjonell førstehjelp kan vi bidra til å dempe utryggleik og angst hos ein skadd person på ein ulykkesstad.

Ambulanseteam har erfart at pasienten ofte opplever det som svært ubehageleg når dei blir nøydde til å bruke sirene. Pasienten kan oppleve situasjonen som meir dramatisk enn han eigentleg er, og bli redd og stressa. Han/ho kan tenkje: «Når dei bruker sirena, må eg vere skikkeleg dårleg!» Tilstanden kan forverre seg som følgje av stresset.

Å gi tryggleikskjensle

Dersom vi greier å gi ein skadd person tryggleikskjensle, kan det også verke positivt på tilstanden til vedkommande.

Personar som er skadde eller akutt sjuke, vil ofte føle seg redde og åleine og ute av stand til å ta vare på seg sjølve.

Nokre råd

  • Snakk med, ikkje til personen.
  • Spør om det er noko du kan gjere for han/henne.
  • Fortel kva som skjer.
  • Forklar at hjelp er på veg.
  • Ikkje spør pasienten: «Går det bra?»
  • Ikkje start ein samtale om religion.
  • Ikkje lyg for pasienten.

Ta gjerne fysisk kontakt, til dømes ved å halde pasienten i handa. Sjå korleis han/ho reagerer på det.

Lytt til pasienten, og aksepter at det kan komme utbrot som kan verke lite rasjonelle.

Ein som er skadd, kan vere i ein tilstand som gjer at han/ho har lita forståing for det som har skjedd, og ikkje innser kor alvorleg det er. Å vise seg som eit medmenneske som bryr seg om pasienten og er til stades, er ofte nok.

Kriser og ekstreme situasjonar

Kriser kan oppstå når menneske er i situasjonar der eigne erfaringar og kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å meistre situasjonen. Hendingar som kan føre til slike opplevingar, kan vere:

  • brann på arbeidsplassen
  • utføring av livreddande førstehjelp
  • trussel mot eige og andres liv og helse
  • trussel mot økonomisk tryggleik eller arbeid
  • vald: overfall, ran, valdtekt, gisselsituasjon
  • ulykke eller katastrofe
  • alvorleg skade på ein sjølv eller nokon i nær familie
  • alvorleg sjukdom hos ein sjølv eller i nær familie
  • dødsfall av ektefelle, barn, nær venn, nær kollega
  • personlege problem som separasjon og skilsmisse
  • sterk belastning over tid

Menneske som har blitt utsette for store psykiske belastningar på jobb eller privat, har ofte behov for ekstra omsorg og støtte. Langvarige psykiske plager og utmatting kan bli resultatet om dette ikkje blir teke tilstrekkeleg på alvor.

Korleis reagerer vi på kriser og ekstreme situasjonar?

I akutte ekstreme situasjonar, som til dømes brann på eit hotell eller i eit kjøpesenter, vil vi oppleve at kroppen produserer adrenalin for å hjelpe oss til å flykte eller angripe. Adrenalinet skjerpar sansane og gir oss kortvarig auka styrke. les meir

Det menneskelege urinstinktet seier at vi må flykte eller angripe, men intellektet vårt, saman med opplæring og øvingar, fører til at vi som oftast reagerer som ønskeleg i ekstreme situasjonar. I militæret opererer ein med uttrykket «overlæring». Det vil seie at ein trener på handlingar så ofte at ein utfører handlingane heilt automatisk. Då treng ein ikkje å tenkje på korleis, ein berre utfører handlingane ved behov. Innsatsen når ein kjem til ein skadestad, vil derfor ofte vere prega av kor ofte ein har trent på tilsvarande situasjonar på førehand. Men sjølv om ein er godt trent, vil ein etter ekstreme hendingar, til dømes brann og førstehjelp på arbeidsplassen, kunne oppleve det vi kallar for krise.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter