Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Mat og kultur

    Matskikkar er eit resultat av kultur og tradisjonar og av kva råvarer ein har hatt tilgang på der ein har vakse opp. Matkulturen i eit samfunn er i stadig endring – vi påverkar andre og blir påverka sjølv. Vi et ikkje det same i dag som vi gjorde for 50 år sidan.

    Samisk matkultur

    Samane er eit urfolk i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dei har sin eigen kulturarv, som byggjer på reinsdyrkjøt, ville bær og urter, men også fangst og jakt. Produkta blir ofte kokt, stekt, salta, røykt og tørka. Samane har ein lang tradisjon for å nytte heile dyret.