1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. AntioksidanterChevronRight
  5. Bær er antioksidantbomberChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bær er antioksidantbomber

Ei ung dame et ein dessert med bjørnebær og jordbær. Foto.

Fem av dei ti matvarene med høgast innhald av antioksidantar per porsjon er ulike typar bær. Mest antioksidantar er det i bjørnebær.

Norske forskarar har laga ein tabell over innhaldet av antioksidantar i over tusen amerikanske matvarer. Analysane viser at vi finn mest antioksidantar i matvaregruppene krydder og urter, nøtter og frø, bær og frukt og grønsaker.

Ti på topp

Ser vi på innhaldet av antioksidantar per porsjon, peikar fleire typar bær seg ut som svært gode kjelder. Her er lista med dei ti matvarene med det høgaste innhaldet av antioksidanter per porsjon:

  1. Bjørnebær
  2. Valnøtter
  3. Jordbær
  4. Artisjokk, tillaga
  5. Tranebær
  6. Kaffi
  7. Bringebær
  8. Pecannøtter
  9. Blåbær
  10. Nellik

I tillegg til å vere gode kjelder til antioksidantar, inneheld bær rikelig med vitamin og mineral.

Om antioksidantar

Antioksidantar motverkar oksidativt stress, eller celleskade på grunn av frie radikal. Alle cellene, organa og vevsvæskene i kroppen må vernast mot skadeleg oksidasjon.

Det er svært store skilnader (over tusen gonger) i konsentrasjon av antioksidantar mellom ulike planter. Ei rekkje krydderplanter har mykje høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker. Bær har ofte ein høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker.

Læringsressursar

Antioksidanter

SubjectEmne

Fagstoff