1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. KostrådChevronRight
  5. Norsk ernæringspolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Norsk ernæringspolitikk

Elever har skolekjøkken.Foto

Noreg var det første landet i verda som fekk ein offisiell ernæringspolitikk. Vi har lang tradisjon for å gi befolkninga råd om kosthaldet.

Ernæringspolitikken er kunnskapsbasert. Det vil seie at han byggjer på forskning og tek omsyn til dei føresetnadene vi har i Noreg. Hovudlinjene i politikken er vedtekne av anten Stortinget eller regjeringa.

Stortingsmelding

Dei viktigaste politiske dokumenta som regulerer dagens ernæringspolitikk, er Stortingsmelding 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge, Stortingsmelding 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller og Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen.

Gir råd om kosthald og ernæring

Basert på den nasjonale politikken og internasjonal forskning gir Helsedirektoratet råd til befolkninga om kosthaldet. Nasjonalt råd for ernæring er eit utval som er sett saman av forskarar som gir styresmaktene råd om kosthald og ernæring.

Utvikling i norsk kosthald

Læringsressursar

Kostråd